Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Produktutvikling med trendfargar

Bruk trendfargane for i år i utviklinga av eit produkt. Lag ulike fargeforslag. Beskriv korleis du har brukt fargane for å skape eit bestemt uttrykk eller ei stemning.
Farga garn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Undersøk

Søk på nett og orienter deg i fargetrendane for i år. Du kan også besøke ein fargeforhandlar og få fargeprøvar.


  1. Lag eit stemningskart med maks seks trendfargar og nokre inspirasjonsbilete til produktet du skal lage. Leit etter inspirasjon innan fagfeltet du vel, i naturen eller i materiale. Du kan til dømes bruke den interaktive oppslagstavla Pinterest (pinterest.com).
  2. Lag fargeskisser av produktet ditt, der du eksperimenterer med fleire ulike fargesamansettingar.
  3. Lag produktet med dei fargane du synest skaper best resultat. Innan nokre fagfelt, som til dømes tekstil, tre, keramikk, blome eller frisør, vil du no kunne lage eit produkt. I andre fagfelt, som til dømes interiør, profilerings- og eksponeringsdesign, lagar du eit forslag, presentasjonsskisse eller ein modell.
  4. Presenter fargane i produktet ditt og fortel kva stemning eller uttrykk du meiner fargane skaper. Kva for trendar har du henta inspirasjon frå?
CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2019

Læringsressursar

Trendar