Statisk IP-adresse i Windows Server
Faste/statiske IP-adresser er IP-adresser og nettverkskonfigurasjon som er manuelt lagde inn i operativsystemet på ein server eller ei klienteining. Informasjonen endrar seg ikkje over tid. Om ein endrar adresseringa i lokalnettverket eller flyttar datamaskina til eit anna nettverk, vil ikkje eininga få tilgang til internett og andre tenester i lokalnettverket. For å rette opp i dette må du manuelt oppdatere IP-adresse og annan nettverkskonfigurasjon på nytt på eininga. Statiske IP-adresser er vanlege å bruke på serverar sidan det er viktig at dei har ei kjend adresse i lokalnettverket.
Dynamisk IP-adresse er når datamaskina får IP-adresse og annan nettverkskonfigurasjon frå ei teneste i lokalnettverket. Tenesta heiter DHCP (Dynamic Host Configuration Protocol) og kan køyre direkte frå ruteren (vanleg i små nettverk) eller som ei teneste på ein server (vanleg i større nettverk). Når ei eining koplar seg til nettverket og ber om IP-adresse og konfigurasjon, låner DHCP-tenesta ut denne informasjonen til eininga for ein periode. Dei aller fleste klienteiningane bruker dynamisk IP-adresse.
Det finst fleire måtar å sjekke IP-adresse og konfigurasjon på i Windows Server. Ein enkel måte er å bruke den alternative startmenyen: Høgreklikk med musepeikaren over Windows-flagget på oppgåvelinja, og vel "Network Connections". Eit skjermvindauge kjem opp. Trykk på "Change adapter options".
No får du opp ei oversikt over nettverkseiningar som operativsystemet kjenner til og kan bruke (både fysiske og virtuelle nettverkskort vil visast her). Dobbeltklikk med musepeikaren over nettverkskortet som skal brukast, for å få nettverkstilgang.
Eit vindauge som heiter "Ethernet Status", vil komme fram. Her kan du lese av noko informasjon om statusen til nettverkskortet. Trykk på "Details …" om du vil ha meir detaljert informasjon.
I det nye vindauget kjem det opp mykje informasjon om nettverkskortet. Det er lurt å ta eit skjermbilete eller skrive ned informasjonen, sidan du vil trenge han seinare.
I denne omgang er det denne informasjonen som er viktig å sjå på:
"DHCP Enabled": Om denne er sett til "Yes", betyr det at maskina vil prøve å skaffe seg IP-adresse via DHCP.
Linja "IPv4 address" viser IP-adressa som nettverkskortet i maskina bruker.
Linja "IPv4 Subnet Mask" viser kor mange adresser som er del av det lokale nettverket. Om denne er
255.255.255.0
, er alle adressene i den siste delen av adressa innanfor det lokale nettverket. I eksempelbiletet vil dette seie alle adresser mellom192.168.1.1
og192.168.1.254
.Linja "IPv4 Default gateway" viser adressa som blir brukt for datapakker som skal ut av nettverket, til dømes til internett. I små nettverk er dette som oftast ruteren.
Linja "IPv4 DHCP Server" viser IP-adressa til DHCP-tenesta som har gitt maskina IP-adresse og konfigurasjon (dersom maskina har fått slik informasjon – feltet vil vere tomt om maskina ikkje greidde å finne ei tilgjengeleg DHCP-teneste i nettverket).
Linja "IPv4 DNS Server" viser IP-adressa som blir brukt for DNS-adresseoppslag, til dømes for å gjere ndla.no om til IP-adressa som er knytt til dette domenet. I mange tilfelle kan ruteren vidareformidle slike førespurnader, og då er IP-adressa til ruteren synleg her.
Gå til "Ethernet Status"-vindauget for nettverkskortet (følg instruksjonen over om du ikkje har vindauget tilgjengeleg). Vel "Properties".
No får du opp eit nytt skjermvindauge som heiter "Ethernet Properties". Her ser du alle protokollane nettverkskortet bruker. Den viktigaste og mest brukte er "Internet Protocol Versjon 4 (TCP/IPv4)". Dobbeltklikk med musepeikaren på denne.
Du vil no få opp eit vindauge for å stille inn IP-adresse og andre relaterte nettverksinnstillingar.
Dersom valet "Obtain an IP address automatically" er markert, vil maskina prøve å få ei IP-adresse ved hjelp av ei DHCP-teneste i lokalnettverket. For å setje ei statisk IP-adresse vel du "Use the following IP address".
Dei grå adressefelta vil byte farge til kvit, og det blir mogleg å legge inn informasjon i dei.
Dersom ruteren i nettverket ditt køyrer DHCP-tenesta og maskina di tidlegare hadde fått IP-adresse og konfigurasjon som vist i biletet lenger oppe i artikkelen, kan du bruke mykje av denne informasjonen når du no skal setje opp ei statisk IP-adresse.
I feltet "IP address:" skriv du inn IP-adressa du ønsker at nettverkskortet i maskina skal ta. Bruk informasjonen frå "Network connection details"-vindauget som utgangspunkt. I dømet over hadde maskina den dynamiske IP-adressa 192.168.1.6
og subnettmaska 255.255.255.0
. Dette betyr at alle adressene mellom 192.168.1.1
og 192.168.1.254
er innanfor det lokale nettverket.
IP-adressene som var brukte under "IPv4 Default Gateway", "IPv4 DHCP Server" og "IPv4 DNS Server" i "Network connection details", kan ikkje brukast som IP-adresse til servermaskina, sidan dei allereie er i bruk, til dømes hos ruteren.
Det kan vere fornuftig å gi serveren ei IP-adresse som er eit rundt tal og anten på botnen eller toppen av IP-området. Om IP-området er 192.168.1.xxx
, er ei fin adresse for ein server 192.168.1.10
.
Dei andre delane kan du kopiere frå "Network connection details"-vindauget frå tidlegare.
Feltet "Alternate DNS server" kan stå tomt foreløpig.
Dobbeltsjekk adressene du legg inn. Sjølv den minste feil kan gjere at maskina ikkje får internett-tilgang eller fungerer skikkeleg i nettverket.
Trykk på "OK" for å lagre endringane. Du kjem no tilbake til vindauget "Ethernet Properties". Her må du trykke på "OK" òg, elles blir ikkje dei nye innstillingane tekne i bruk.
Du blir no send tilbake til vindauget "Ethernet status". Her kan du trykke på "Details …" for å sjå om den nye konfigurasjonen er teken i bruk. På biletet under viser vi at "DHCP Enabled" no er sett til "No". Det vil seie at maskina bruker ei statisk IP-adresse. Dessutan er IP-adressa til maskina no endra til det du bestemde i konfigurasjonen.