Installere Windows Server 2019
Denne guiden byrjar i det første steget i installasjonsrettleiaren til Windows Server 2019. Denne kjem du automatisk til når du startar opp datamaskina med installasjonsmedium (CD/DVD/USB-minnepenn/ISO-fil) med Windows Server 2019.
1. Vel språk og tastaturoppsett
Bruk nedtrekkfelta for å setje riktig tidsformat og tastaturoppsett. Trykk "Next" for å gå vidare.
2. Start installasjon
På neste skjermbilete trykkjer du på "Install now".
Valet "Repair your computer" gir tilgang til diverse verktøy på installasjonsmediet som kan brukast for å reparere eller få tilgang til ein skadd Windows Server-installasjon.
3. Legg inn lisensnøkkel
Viss du har lisensnøkkel klar, kan denne no blir lagd inn, og du kan trykkje "Next". Viss du ikkje har nøkkel, kan du starte ein prøveperiode ved å trykkje "I don't have a product key".
4. Vel serverversjon som skal installerast
Windows Server kjem i fleire versjonar. Windows Server 2019 Standard (Desktop Experience) er den versjonen som er mest aktuell for dei fleste lab-oppsett. Denne har eit grafisk brukargrensesnitt og inkluderer dei aller fleste funksjonane som Windows Server tilbyr. Etter at du har valt versjonen du ønskjer å bruke, trykkjer du "Next".
5. Aksepter lisensvilkår
Du vil no få opp lisensvilkåra for programvara. Du må krysse av for "I accept the license terms" og trykkje "Next" for å gå vidare.
6. Vel installasjonstype
For å ha full kontroll over installasjonen av ein ny serverinstallasjon blir det tilrådd å velje "Custom: Install Windows only (advanced)".
7. Slett eksisterande partisjonar
Viss du installerer Windows Server på ei maskin som har hatt andre installasjonar tidlegare, er det sannsynleg at gamle partisjonar endå eksisterer på harddisken til maskina.
Vel kvar partisjon etter tur og vel "Delete". Du vil få opp eit vindauge der du må stadfeste slettinga.
Når slettinga er ferdig, skal du berre stå igjen med ei linje med namnet "Drive 0 Unallocated Space" med heile storleiken på disken som ledig.
Viss du har ei datamaskin med fleire harddiskar, vil dei andre diskane og partisjonane òg blir viste.
8. Opprett ny partisjon
For å opprette ein ny partisjon på den tomme harddisken trykkjer du på "New". Du kan no skrive inn storleiken du ønskjer at den nye partisjonen skal ha.
Det blir tilrådd at partisjonen du lager berre er rundt halvparten av totalstorleiken på harddisken. Dette gjer vi for å kunne lage ein eigen partisjon for delte mapper og liknande seinare.
Når du har valt storleiken, trykkjer du "Apply" for å starte opprettinga av partisjonen.
"Drive 0 Unallocated Space" er oppgitt i talet på GB som er ledig. Når du lagar ein ny partisjon, blir MB brukt som storleiksorden. Du må derfor gjere ei omrekning.
Ein sprettoppmeny vil no komme fram og spørje deg om løyve til å òg opprette andre nødvendige partisjonar for Windows-installasjonen. Vel "OK".
Når maskina har fått arbeidd seg gjennom opprettinga av partisjonane, vil partisjonslista oppdatere seg. Du vil sjå tre små partisjonar, éin stor partisjon og ei linje som beskriv kor mykje plass som er ledig (upartisjonert) på harddisken. Marker den store partisjonen, som er av typen "Primary". Trykk så "Next" for å starte installasjon av denne partisjonen.
9. Følg installasjonen
Installasjonsrettleiaren vil no starte sjølve installasjonen av Windows Server. Det kan ta ein halvtime eller meir å gjennomføre installasjonen.
Når installasjonen er ferdig, vil installasjonsrettleiaren restarte datamaskina automatisk.
Når maskina restarter, blir det tilrådd å fjerne installasjonsmediet (USB-minnepenn, ISO-fil, CD/DVD-plate). Dette sikrar at maskina startar opp ved hjelp av harddisken og ikkje startar installasjonsrettleiinga på nytt.
10. Lag administratorbrukar
Under første oppstart av Windows Server vil du bli beden om å setje passord på administratorbrukaren til maskina.
For skolelab kan det vere fornuftig å dokumentere administratorpassordet. Vel då eit passord som du ikkje bruker nokon annan stad.
I ekte driftsmiljø bør aldri slike passord skrivast ned, med mindre tryggleiken er tatt vare på og det er heilt nødvendig.
Når administratorbrukaren er laga, vil operativsystemet føre deg til påloggingsvindauget. For å logge på må du første trykke inn tastane (Ctrl + Alt + Delete) samtidig. Då vil du få eit påloggingsvindauge der du kan logge på med brukaren "Administrator".