Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Fagstoff

1900–1915: Pionertid og melodrama

28. desember 1895 fann verdas første offentlege kinoførestilling stad. I Noreg fekk vi den første kinovisninga 6. april 1896. Ein av dei eldste bevarte norske filmane er Under forvandlingens lov (1911).

Den første kinoen

Lumière-brørne hadde si første offentlege kinoførestilling 28. desember 1895, og allereie våren 1896 blei det vist film i Christiania. Den tyske konkurrenten til Lumière, brørne Max og Emil Skladanowsky, presenterte 6. april 1896 eit samansett program med levande bilete av dokumentarisk og komisk karakter som ein del av eit varietéprogram. Dette var den første offentlege norske kinoførestillinga i Noreg. Den første faste kinoen blei etablert i 1904 i Stortingsgata 12 i Oslo av AB Svenska Biographteatern, med pioneren Hugo Hermansen som drivande kraft. Deretter skaut kinoverksemda fart over heile landet, først i ombygde forretningslokal, deretter i eigne kinobygg som etter kvart fekk meir og meir prestisjefylte former. Eigarane var ofte utanlandske forretningsfolk. Noreg fekk òg fleire omreisande kinematografar.

Sensur og kinolov

Kinodrift blei raskt god butikk, men fekk motbør på det moralske planet. Også i kunstnarkrinsar blei film mindre velsedd. Det nye mediet var i alle fall ikkje kunst, knapt nok kultur, og den kommersielle sida ved det var godt synleg. Dette gjorde at film og kino blei lagt under både statleg sensur som kommunal konsesjon for visning, heimla i kinolova av 1913.

Kommunal kinodrift

Norske kommunar kunne da sjølv ta over kinodrifta og fortenesta. Dette kom godt med for å løyse andre kulturelle oppgåver i by og bygd. Filmproduksjonsmiljøet kom til å lide under dette systemet, ettersom kommunane tok ein vesentleg del av inntekta som ikkje lenger blei ført tilbake til filmproduksjon. Det tidlege filmproduksjonsmiljøet, frå 1896 til 1919, blei i mindre grad i stand til å utvikle film- og kinoområdet i Noreg enn bransjane i nabolanda våre. Enkelte hevdar også at det var eit fråvere av entreprenørskap innan bransjen i Noreg. Det skjedde også ein viss eksport av filmtalent til Danmark, Sverige og Tyskland på denne tida.

Den første norske spelefilmen

Den første norske spelefilmen, ei kort melodramatisk forteljing med tittelen Fiskerlivets farer – eller et drama paa havet, hadde premiere i 1907 eller 1908. Originalen er dessverre gått tapt, og premiereopplysningane er mangelfulle og usikre. Filmen blei rekonstruert i 1954 etter initiativ fra Oslos kinodirektør Kristoffer Aamot. Norsk films eigentlege startår var 1911, da det blei presentert heile fire dramatiske filmar med beskrivande og fengande titlar: Fattigdommens forbandelse, Bondefangeri i Vaterland, Dæmonen og Under forvandlingens lov eller Jo tykkere jo bedre. Problemet i norsk film på denne tida var at teaterverda, det vil seie skodespelarar, forfattarar og regissørar ikkje blei trekte tilstrekkeleg inn i filmproduksjon, slik tilfellet var i Frankrike, Sverige og til dels i Danmark. Enkle føljetongsujett låg til grunn for manuskripta, fjernt frå den norske skjønnlitteraturen eller dei store dramatiske verka. Men dette skulle raskt endre seg.

CC BY-NC-NDSkrive av Jan Erik Holst. Rettshavar: Norsk filminstitutt
Sist fagleg oppdatert 31.01.2018