Oppgåve
Lag eit filmmanus
Gjer det same som filmskaparane har gjort i filmen Skylappjenta. Bruk eventyret om Dei tre bukkane Bruse til å lage eit filmmanus til ein kortfilm om fråfall i skulen.
Før du byrjar å jobbe med manuset, er det lurt å planleggje korleis du vil løyse oppgåva:
- Korleis kan det aktuelle samfunnsdilemmaet «fråfall i skulen» bli løfta fram gjennom ei nytolking av Dei tre bukkane Bruse?
- Kva delar av eventyret vil du halde på? Vil du leggje noko til, trekkje noko frå?
- Kven er bukkane?
- Kven er trollet?
- Korleis skal den nye historia ende slik at ho kjem med framlegg om ei løysing for fråfall i skulen?
Tips:
Snakk gjerne med ungdom du kjenner, som er lei av skulen, og som du veit har vurdert å slutte. Snakk gjerne også med lærarar og andre vaksne, slik at du forstår problemstillinga godt.
I faget medium og kommunikasjon her på ndla.no kan du lære korleis du skriv eit filmmanus: Slik utformar du eit filmmanus