Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kjønnsroller og samliv på film

Mange norske filmar handlar om familieliv og kjønnsrollemønster. Korleis har framstillinga av kvinnerolla og forholdet mellom menn og kvinner endra seg i norsk filmhistorie frå 1940-åra og fram til i dag?
Mann og kvinne sit tett saman i sofaen og ser på tv. Ho har fjernkontrollen i handa. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskursanalyse

er mønster i måten vi snakkar og skriv om verda på. Desse mønstera tvingar fram ein versjon av sanning eller ei verkelegheitsoppfatning som går utover andre måtar å sjå verda på.

I desse oppgåvene skal du jobbe med diskursanalyse av fiksjonsfilm. I diskursanalysar undersøker vi korleis form og innhald i ein tekst skaper eller reproduserer bestemde verkelegheitsbilete. I ein slik analyse kommenterer vi òg korleis samfunnet set ei ramme for teksten, altså skal du svare på kva som er den sosiale og kulturelle konteksten for teksten.

Filmar speglar verkelegheitsoppfatninga i tida og samfunnet dei har blitt til i. Derfor er det interessant å studere kva filmar frå ulike epokar i filmhistoria avslører om synet på kjønnsroller og samliv i Noreg frå 1940-talet og fram til i dag.

Oppgåve 1

Husmorfilmane var timelange reklamefilmar som vart viste gratis for husmødrer på kino på 1950-talet.

Sjå dei første ti minutta av dette programmet om husmorrolla på 1950-talet:

  • Korleis er kvinneidealet i husmorfilmane?
  • Korleis blir mannen framstilt i husmorfilmane?

Oppgåve 2

Mange filmar om kvinner er laga av menn. Men i 1949 debuterte Edith Carlmar som regissør med filmen Døden er et kjærtegn. Det var den første gongen ei norsk kvinne regisserte ein spelefilm.

Her kan du sjå eit klipp frå filmen, det varer i 3 minutt:

  • Kva syn på kvinnerolla møter vi i klippet frå filmen Døden er et kjærtegn (1949)?

  • På kva måte er denne filmen både ein representant for og eit brot med måten samlivet mellom mann og kvinne vart skildra på i spelefilmar i etterkrigstida?

Oppgåve 3

Anja Breiens film Hustruer (1975) har blitt omtalt som ein feministisk film.

Sjå eit klipp frå filmen frå 10:34 til 14:00:

  • Korleis blir kvinnerolla skildra på 1970-talet, og kva problemstillingar knytte til kjønnsroller og samliv tek denne filmen opp?

Oppgåve 4

På 2000-talet er Noreg blitt eit fleirkulturelt samfunn. 16 år gamle Nisha lever i to parallelle verder. Ute med venner er ho ei vanleg norsk ungdomsjente. Men dei pakistanske foreldra hennar har strenge reglar for ekteskap og samliv. Filmen Hva vil folk si er regissert av Iram Haq.

Sjå eit klipp frå filmen frå 13:30 til 20:08:

  • Kva problemstillingar om kvinnerolla og samlivet mellom mann og kvinne blir tekne opp i filmen Hva vil folk si (2017)?

  • Kva fortel denne filmen om Noreg anno 2017?

Oppgåve 5

Ninjababy er ein norsk komedie frå 2021. Rakel oppdagar at ho er blitt gravid etter ein one night stand. Ho er 23 år og ønsker ikkje å ta på seg morsrolla.

Sjå eit klipp frå filmen frå 01:29:24 til 01:39:07:

  • Korleis blir mannen si rolle i familielivet framstilt i filmscenen frå Ninjababy (2021)?

  • Kva fortel klippet om synet på kjønnsroller og samliv i Noreg anno 2021?

Oppgåve 6

Diskuter i klassen:

  • Kva fortel diskursen i desse filmane om endringar i synet på kjønnsroller og samliv i det norske samfunnet dei siste hundre åra?

  • I kva grad kan filmforteljingar bidra til å sementere, eller låse fast, normer og verdiar i eit samfunn?

  • I kva grad kan filmforteljingar bidra til å endre normer og verdiar i eit samfunn?

Relatert innhald

Kva betyr omgrepet diskurs, og korleis bruker vi det i møte med ulike tekstar?

Korleis skaper og speglar språk og tekst bestemde verkelegheitsbilete? Her får du tips til korleis du kan gjere ein diskursanalyse.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2024

Læringsressursar

Hustruer