Hopp til innhald

Spelefilm

The Square

The Square er ein mørk komedie om kunst, PR-bransjen og ubehagelege situasjonar. Filmen vann Gullpalmen ved filmfestivalen i Cannes i 2017 og var Sveriges Oscar-kandidat same året.

Om filmen

Christian (Claes Bang) er ein høgt respektert kunstkurator ved eit anerkjent museum for moderne samtidskunst i Stockholm. Tittelen av filmen viser til namnet på den neste store kunstutstillinga til museet.

The Square er ei utstilling om nestekjærleik og gode relasjonar mellom menneske. Dette er ikkje akkurat banebrytande tematikk for eit nytenkjande museum. Museet tilset derfor PR-rådgivarar som skal lage ein marknadskampanje for å skape blest omkring The Square.

Ein morgon då Christian er på veg til jobben, blir mobiltelefonen stolen frå han. Gjennom telefonen sin GPS klarer han å spore han til eit leilegheitskompleks i byen. Christians handtering av tjuveriet fører han inn i banale og pinlege situasjonar.

Ruben Östlund

Filmen er regissert av den svenske filmskaparen Ruben Östlund. Östlund er òg kjend for filmar som Turist (2014), Play (2011), De Ufrivillige (2008) og Gitarmongo (2002).

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 26.11.2021

Læringsressursar

Filmanalyse