Hopp til innhald

Fagstoff

Måleiningar for volum

Skal vi måle volumet av ein romfigur i kubikkcentimeter, cm³, eller skal vi bruke liter eller kanskje desiliter? Vi tek metriske einingar først.
Ein blå kube. Foto.

Ein terning med sidekantar 1 cm, har eit volum på éin kubikkcentimeter, 1 cm3.

Ein terning med sidekantar på 1 meter har volum på 1 kubikkmeter, 1 m3.

Ein terning med sidekantar på 1 desimeter har volum på 1 kubikkdesimeter, 1 dm3 .

Ein terning med sidekantar på 1 millimeter har volum på 1 kubikkmillimeter, 1 mm3.

Kvadrat på ruteark. Ilustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I kvar rute i diagrammet ovanfor kan vi leggje ein terning med sidekantar lik 1 cm. Vi ser diagrammet rett ovanfrå. Det er plass til 10·10=100 terningar.

Dersom vi legg 10 lag med terningar oppå kvarandre, får vi ei høgd på 10 cm som er lik 1 dm. Det blir til saman 100·10=1 000 terningar.

Det er altså plass til 1000 terningar med sidekantar på 1 cm i éin terning med sidekantar på 1 dm.

Det tyder at

1 dm3=1000 cm3 og 1 cm3=11000dm3=0,001 dm3

Tilsvarande er 1 m3=1000 dm3 og 1 cm3=1000 mm3.

Døme

2,3 m3=2300 dm3=2 300 000 000 mm3

450 cm3=0,450 dm3

Når vi set opp måleiningane for volum etter kvarandre som i tabellen nedanfor, kan vi ha som hugseregel at vi må gonge med 1000 når vi går éin plass til høgre i tabellen (flytte komma tre plassar til høgre), og dele med 1000 når vi går éin plass til venstre (flytte komma tre plassar til venstre).

m3

dm3

cm3

mm3

2,3

2 300

2 300 000

2 300 000 000

0,000 45

0,45

450

450 000

Måleininga liter

Frå dagleglivet er du nok meir vant til å bruke måleininga liter (L) for volum. Det gjeld til dømes om det er mjølk som ein del i matoppskrifter, eller om det er bensin du skal kjøpe til mopeden.

Samanhengen mellom liter og måleiningane kubikkmeter, kubikkdesimeter osb., er at 1 liter er definert lik1 dm3. Det vil seie at 1 liter er det same som 1 kubikkdesimeter.

Ein liter melk og ein kube. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sidan 1  m3=1000 dm3 tyder det at ein mjølketank på 3 kubikkmeter inneheld 3 000 liter mjølk! Frå dagleglivet er du kjent med litermålet

Litermål og desilitermål. Bilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du er nok også kjent med at ein liter blir delt inn i desiliter, centiliter og milliliter der

1L = 10 dL=100 cL=1000 mL1dL=10 cL=100 mL1 cL=10 mL

CC BY-SASkrive av Olav Kristensen og Stein Aanensen.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2019

Læringsressursar

Volum og overflate