Hopp til innhald

Fagstoff

Forslag til årsplan i historie vg2

Det er mange måtar å disponere faginnhald og tid på. Nokre planlegg på vekebasis, andre i større periodar. Vi har laga eit forslag til korleis du kan planlegge skuleåret etter læreplanen ved hjelp av læringsressursane i NDLA for historie vg2.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Læringsressursar i historie vg2 frå NDLA

Dei oppdaterte læreplanane i LK20 er utgangspunktet for ressursane på NDLA. Læreplanen legg opp til mindre kronologi og meir tematisk tilnærming.

Slik har vi også gjort det i historiefaget her på NDLA. Emna handlar om naturressursar og berekraft, folk, flytting og handel, demokrati og medborgarskap og om krig og konfliktar. Vi tilbyr likevel eit emne med dei historiske periodane der fagartiklane er sette i ein kronologisk samanheng.

Samanheng mellom vg2 og vg3

Noko av det viktigaste med LK20 er at det no skal trekkast lengre linjer. Sjølv om nokre emne høyrer spesifikt til vg2 og nokre til vg3, er det no endå større samanheng mellom emna på dei ulike trinna. Det betyr at du stort sett vil sjå akkurat dei same hovudemna i strukturen både på vg2 og på vg3.

Eit døme her er hovudemnet Naturressursar og berekraft. På vg2 handlar dette om det å skaffe mat og utnytte naturressursane meir kommersielt. På vg3 vil vi trekke dette vidare til industrialisering og teknologiske omveltingar, og til berekraft i eit historisk perspektiv.

Tverrfagleg arbeid og samanhengar i og mellom fag

Alle dei tre tverrfaglege temaa er med i læreplanen i historie. Særleg demokrati og medborgarskap og berekraftig utvikling har ein sentral plass i kompetansemåla. Det vil vere naturleg å jobbe med desse internt i faget, men historiefaget er også viktig i samarbeid med ei rekke andre fag.

Tilpass ressursane til eiga undervisning

Den nye læreplanen i historie er lagd opp tematisk, slik vi også har løyst det i NDLA. Men vi tilbyr eit breitt spekter av ressursar, noko som gjer at lærarar kan tilpasse ressursane til eiga undervisning og den aktuelle klassen. Nokre oppgåver kan tilpassast ved at elevane sjølve vel emne å jobbe med. Som lærar må du gjere eit utval når du bruker NDLA som læremiddel i historie.

I forslaget til årsplan har vi lagt lenker til innhald på NDLA. Desse kan brukast for å nå dei aktuelle kompetansemåla og kjerneelementa i faget.

Forslag til årsplan

Vi har laga eit forslag til årsplan med tema/hovudemne, kort skildring av innhald, læreplantilknyting og lenker til fagressursar for kvart emne.

Planen er rettleiande, og han kan lastast ned og tilpassast til ulike elevgrupper og skulens eigne årsplanar.

Filer

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 15.08.2023

Læringsressursar

Om faget