Hopp til innhald
Fagartikkel

Om historie vg2 på NDLA

Historiefaget på NDLA vart revidert i tråd med LK20 til skulestart i 2021 og 2022. Historie vg2 har no ein temabasert emneinngang i staden for kronologisk. Dette er i samsvar med læreplanen i historie.

Struktur

LK20 i historie er bygd opp tematisk i staden for kronologisk, og vi i NDLA har òg valt denne tilnærminga til faget.

Temaa vi har valt, går i det store og heile på tvers av vg2 og vg3 med ulike underemne på dei to trinna. Du vil framleis sjå at vg2 har fokus på eldre historie og vg3 på nyare historie, men det er fleire lange linjer og fleire samanhengar enn før.

I tillegg tilbyr vi ein gjennomgang av dei historiske periodane, slik at du får ei oversikt før du skal jobbe med det temabaserte innhaldet.

Emne

Dette er hovudemna du finn på vg2:

  • Kjelder, historiebevisstheit og samanhengar

  • Historiske periodar

  • Naturressursar og berekraft

  • Demokrati, ideologiar og medborgarskap

  • Folk, flytting og handel

  • Makt og religion

Stikkord under desse emna er: mat, naturressursar og næringsutvikling, utvikling av demokrati, demografiske endringar, handel, økonomi og oversjøisk ekspansjon, fordeling og legitimering av makt og betydninga av religion for makt og samfunnsforhold.

CC BY-SA 4.0Skrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 07.08.2023