Hopp til innhald

Fagstoff

Historiske forklaringar

Historie handlar ikkje berre om kva som har skjedd. Skal ein forstå historie, må ein òg prøve å forstå kvifor det har skjedd. Då må ein søkje etter samanhengar og årsaker.
Olav den heilages død. Måleri fra 1859.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du skal forstå og forklare historiske hendingar og fenomen, kan nokre omgrep hjelpe deg med å analysere og få struktur på forklaringane. Her er nokre døme på slike omgrep.

Årsaksforklaringar

Slike forklaringar seier noko om hendingar eller samfunnsforhold som får konsekvensar. Eit døme på dette er at ein kan bruke svartedauden til å forklare kvifor adelen fekk mindre makt. Her kjem forklaringa forut for det som skal forklarast: Ei årsak fører til ein verknad.

Motivforklaringar

Slike forklaringar seier noko om kvifor menneske handlar som dei gjer. Dette kan gjelde heile samfunn eller grupper, til dømes viss ein vil forklare kvifor vikingane ønskte å busetje seg utanfor Noreg. Det kan òg gjelde enkeltpersonar, til dømes viss ein vil forklare kvifor Harald Hårfagre ønskte å samle Noreg til eitt rike. Her kjem forklaringa etter det som skal forklarast: Handlingane til menneska blir forstått ut frå kva dei har tenkt vil bli konsekvensane av handlingane deira.

Indre og ytre årsaker

Viss du undersøkjer eit fenomen eller ei hending i eit land, kan du leite etter forklaringar både i landet og utanfor landet. Då kan vi skilje mellom indre og ytre årsaker. Eit godt døme er når ein skal forklare bakgrunnen for vikingferdene. Nokre av forklaringane er indre årsaker og handlar om forholda heime, mens andre forklaringar er ytre årsaker og handlar om kva som lokka dei der ute.

Push- og pull-faktorar

Når ein skal forklare kvifor folk flyttar på seg, kan ein òg bruke omgrepa push-faktorar og pull-faktorar. Push-faktorar er det som "dyttar" folk vekk frå der dei bur, til dømes fattigdom eller krig. Pull-faktorar er det som "trekkjer" folk til staden dei reiser til. Det kan vere tilgang på dyrkbar jord eller store rikdommar som kan plyndrast, slik det var for mange vikingar. Som regel er push-faktorane indre årsaker og pull-faktorane ytre årsaker.

Utløysande og bakanforliggjande årsaker

Ei historisk hending har ofte ei siste, avgjerande årsak som utløyser ho, samtidig som det ligg mange, ofte viktigare, årsaker bak den utløysande. Den utløysande årsaka til befolkningsnedgangen på 1300-talet var sjølve sjukdommen svartedauden, men bak dette ligg bakanforliggjande årsaker som overbefolkning, byvekst, auka handel, dårleg helse og dårleg hygiene.

Hovudårsak og biårsak

Ein kan òg ordne forklaringar etter kor viktige dei er. Her kan ein diskutere spennande problemstillingar som: Kva var hovudårsaka til at norske kongar ønskte å kristne Noreg? Var det den religiøse overtydinga deira, eller var det for å styrkje kongemakta? Går det an å peike ut ei hovudårsak? Kva årsaker er mindre sentrale biårsaker?

Føresetnader

Nokre gonger kan det vere litt upresist å snakke om årsak og meir naturleg å snakke om føresetnader. Det at vikingane hadde tilgang til jern, var ikkje årsaka til vikingferdene, men vikingferdene hadde truleg ikkje vore moglege utan jern til våpen og skipsbygging. Då kan vi kalle tilgangen til jern ein føresetnad for vikingferdene.

Konsekvensar

Årsaker heng saman med konsekvensar. Ofte kan du få i oppgåve å undersøkje årsakene til ein konsekvens, mens det andre gonger er konsekvensane som er i fokus. Til dømes: Kva konsekvensar hadde svartedauden for bøndene i Noreg? Konsekvensar kan òg ordnast i ulike kategoriar. Her er nokre døme:

Hovudeffektar og bieffektar

Hovudeffekt er den viktigaste konsekvensen av noko, mens bieffektar er mindre viktige konsekvensar.

Kortvarige og langvarige konsekvensar

Ein kortvarig konsekvens av svartedauden var til dømes at folk opplevde mykje sjukdom og død, mens ein langvarig konsekvens var at adelen mista makt. Du kan òg seie at noko har konsekvensar på kort eller lang sikt.

Tilsikta og utilsikta konsekvensar

Desse konsekvensane heng saman med motivforklaringar. Får ei handling ein annan konsekvens enn det som var formålet? Då er det i så fall ein utilsikta konsekvens.

Andre kategoriseringar

Årsaker og konsekvensar kan òg ordnast etter ulike kategoriar, på same måte som når ein analyserer eit samfunn. Det kan til dømes vere snakk om politiske, kulturelle eller økonomiske årsaker eller konsekvensar. Du finn ei oversikt over slike kategoriar i artikkelen under.

Relatert innhald

Her finn du ein modell for å analysere og samanlikne historiske samfunn, årsaker og konsekvensar.

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 23.02.2021

Læringsressursar

Samanhengar og årsaker