Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Planlegg, presenter og lag ein sunn lunsj

Oppgåva er basert på ein case der du skal planleggje, lage og presentere ein sunn lunsjrett. De kan velje å invitere gjestar eller servere og presentere maten for kvarandre.
 Foto av ein rett som består av grovt brød med posjert egg, steikt sopp og assortert salat.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Informasjon om oppgåva

Alle hjelpemiddel er tillatne, men hugs å vere kritisk til kva kjelder du vel oppskrifter frå.

Tidsbruk:

  • 1 time til å finne oppskrifter
  • 1 time til å planleggje presentasjonen
  • 1 kjøkkenøkt til å lage maten, presentere han og ete rettane

Du kan jobbe på eiga hand eller i gruppe; vurder det saman med læraren din.

Case

Du er tilsett som kokk ved Monicas kjøkken. På måndag ventar de ei gruppe gjestar som er veldig opptekne av sunt kosthald. Dei ønskjer derfor å få servert ein lunsj som er i tråd med det ein går ut frå er eit sunt kosthald.

  • Du har fått ansvaret for å lage maten til desse gjestane. Maten skal serverast på tallerken.
  • Før servering skal du presentere for gjestane kva du skal servere, og kvifor du har valt å servere det du gjer.

Oppgåve

Teori

  • Finn ut kva som er meint med eit sunt kosthald.
  • Finn oppskrifter på ein eller fleire sunne rettar.
  • Lag ein kort presentasjon der du fortel gjestane/medelevane dine kvifor retten du har valt, er sunn.

Praksis

  • Bruk kreativiteten og kunnskapen din og råvarer som er aktuelle for sesongen, til å lage ein sunn og god lunsj.
  • Presenter retten din.
CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim og Monica Sandnes.
Sist fagleg oppdatert 25.06.2018

Læringsressursar

Ernæring, helse og livsstil