Hopp til innhald

Fagstoff

Alkoholfritt/alkoholsvakt

Ifølgje alkohollova er ei bedrift med alkoholservering òg pliktig til å ha eit rimeleg utval av alkoholfrie drikkevarer. Skal vi vise gjestane riktig respekt og gjestfridom, må vi ha gode alkoholfrie alternativ.
Bilde av eplemost i flasker på samlebånd.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å tilby gjesten mineralvatn i staden for raudvin er ikkje eit alternativ, men ei dårleg erstatning. Eit alternativ bør vere mest mogleg likt det alkoholhaldige tilbodet. Det er ikkje i alle tilfelle det finst gode alternativ, men vi bør bruke dei som finst.

Kva er alkoholfri, alkoholsvak og alkoholhaldig drikke?

  • Alkoholfri drikke inneheld under 0,7 volumprosent alkohol.

  • Drikke som inneheld mellom 0,7 og 2,5 volumprosent alkohol, blir kalla alkoholsvak drikke.

  • Alkoholhaldig drikke er definert som drikke med meir enn 2,5 volumprosent alkohol.

  • Aldersgrenseregelen (18 år) gjeld for all drikke med over 0,7 volumprosent alkohol, altså òg for alkoholsvak drikke.

Vin

Alkoholsvake vinar

Dei alkoholsvake vinane inneheld vanlegvis under 2,5 prosent alkohol. Dei kan vere laga på ulike måtar, men ofte er det vanleg vin som blir tynna ut med destillert vatn, fruktsaft eller avalkoholisert vin. Desse er gode alternativ, men altså ikkje alkoholfrie.

Ein annan type er druesaft som har gjennomgått ei ganske kort gjæring. Men ettersom gjæringstida er så kort, vil det vere ein god del sukker igjen, så desse vinane blir forholdsvis søte.

Alkoholfrie vinar

Ein alkoholfri vin er i utgangspunktet ein vanleg vin som blir avalkoholisert. Avalkoholiseringa kan skje på ulike måtar.

Før var det vanlegast å bruke ein oppvarmingsmetode. Prinsippet blir det same som ved destillasjon, der alkoholen fordampar før dei andre stoffa. Men oppvarminga av vinen vil gå noko ut over kvaliteten, og for å dempe denne effekten søtar ein gjerne vinen litt. Han vil derfor vere halvtørr eller litt søtleg.

Dei beste alternativa er dei vinane som er gjorde alkoholfrie ved omvend osmose. Dette er ein spesiell filtreringsteknikk der vatn og vin blir køyrde i parallelle leidningsnett og alkoholmolekyla blir trekte ut av vinen. Ulempa ved omvend osmose er at det er ein ganske kostbar prosess.

Uansett kva for ein av desse metodane som blir brukt, vil det vere litt alkohol igjen. For det første er det vanskeleg å få vekk den siste resten. For det andre vil ein ha litt alkohol igjen for at vinen skal vere litt «vinøs», som ein kallar det. Litt alkohol vil gi vinsmak og vere annleis enn rein druesaft. Det er lovleg å ha inntil 0,7 prosent alkohol i ei drikkevare sjølv om ho blir seld som alkoholfri.

Dei alkoholfrie vinane kan ein få som raude, kvite, rosé eller musserande. Det finst òg nokre alternativ til sterkvin. Dei fleste er best å drikke når dei er avkjølte, men dei beste raude kvalitetane kan gjerne halde romtemperatur.

Ein kvinneleg servitør serverer vin til ein gjest. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øl

Vi har dei siste åra fått eit godt utval av alkoholfritt øl, og dei fleste ølstilane kjem i dag i ei alkoholfri utgåve.

Skatteklasse A (0–0,7 %)

Skatteklasse A er alkoholfritt øl som Munkholm og Clausthaler. Ølet har gjennomgått ei svært kort gjæring og minner om pilsnerøl, men har litt søtsmak.

Vørterøl er eigentleg ikkje øl og har ikkje gjennomgått ei gjæring. Vørter er den væska vi får før ølet går til gjæring. Vørterøl er fullstendig alkoholfritt

Skatteklasse B – lettøl (light) (0,7–2,75 %)

Skatteklasse B ligg vanlegvis på 2,3 prosent alkohol. Ølet er lett og friskt og minner meir om pilsner enn det i klasse A.

Saft, sider, juice og most

bilde av en flaske med fruktmost

Godt fruktpreg er ein god eigenskap for ein drikk, det gjer han leskande og god berre å drikke eller til mat. Saft, juice og most blir laga på så godt som alt som finst av frukt og bær. Saft er søta og må blandast med vatn, mens juice og most blir selde drikkeklare og til og med usøta. Mange synest det er best til mat. Ferskpressa variantar har som regel mest ekte frukt- og bærsmak.

Ein god fruktmost kan samanliknast med ein god kvit- eller raudvin. Ei tilråding er at lyse eplemostar kan erstatte kvitvin, mens eplemost med mørke bær er gode erstatningar for raudvin. Ta gjerne utgangspunkt i tilbehøyret når du skal velje drikke til mat. Sitron er ofte ein følgjesvein til fisk, og då er gjerne sitronjuice eller ein syrleg eplemost ein god match. Tørr alkoholfri sider er òg ein veldig anvendeleg matdrikk.

Mineralvatn

Her i landet blir gjerne all kolsyrehaldig tørstedrikk kalla for mineralvatn, men eigentleg er det feil. Mineralvatn er, som namnet seier, vatn med mineral (natrium, kalsium, kalium, magnesium, brom, jod, fosfat og ei rekkje andre). Vi skil mellom naturleg og tilsett mineralvatn. Det naturlege tek opp i seg diverse mineral når det renn gjennom jord og stein. Kjende merke her er Farris, Ramlösa og Perrier. Det andre er vanleg, reinsa vatn som på tapperiet blir tilsett mineral: soda og tonic water.

Ein annan type er kolsyrehaldige fruktsafter som Mozell og Sider. Desse kan ha bakgrunn frå éi frukt, for eksempel eple, eller vere ei blanding av fleire typar fruktsaft. Nokre av desse kan ha inntil 0,7 prosent alkohol.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 06.12.2021

Læringsressursar

Alkoholfrie drikkar