Hopp til innhald

Fagstoff

Sopp

Sopp er ei fellesnemning for organismar som skil seg frå plantar ved at dei manglar blad, klorofyll, blomstrar og røter. Ettersom dei er utan klorofyll, er dei nøydde til å få næring frå anna eksisterande organisk materiale.

Viltveksande sopp finn vi mest på skogbotn eller på rotnande trestammar. Ein del soppvariantar kan dyrkast i mørke vekstrom, på sekker av kompost eller sagflis. Det finst fleire tusen variantar sopp, og dei beste og mest smakfulle er etter kvart vortne handelsvare. Soppartane varierer i farge, fasong og konsistens og er etne i uminnelege tider.

Bolle med sjampinjongsuppe. Foto.

Bruksområde

Sopp skal ikkje etast rå, og all sopp skal gjennom varmebehandling før bruk. Dei kan nyttast både steikte, kokte eller i wok. Sopp er god i supper, sausar, gryteretter, omelettar og i stuingar. Bruksområdet varierer avhengig av sort.

Ikkje skyl soppar i vatn før bruk. Bruk heller ein liten børste eller kniv om det er jord på dei.

Kvalitetskrav

Kvalitetskrava for sopp er avhengig av sorten, men som hovudregel skal soppane vera heile og saftige og fri for mørke flekker og trykkskadar. Hos sjampinjongvariantane bør hatten vera lukka. Hatt og stilk skal henga saman. Soppen skal vera saftspent og ha ei sortstypisk form. Viltveksande sopp skal vera fri for småkryp.

Næringsinnhald

Sopp inneheld B-vitamin og ein del mineral og sporstoff.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020

Læringsressursar

Sopp