Hopp til innhald

Fagstoff

Ris

Ris er ei slekt i grasfamilien som har vorte dyrka som korn i Asia sidan 3000 år før vår tidsrekning. På verdsbasis blir ris rekna som eit av dei viktigaste kornslaga, etter mais og kveite.

Ris er det einaste hovudnæringsmiddelet for nesten 50 prosent av menneska i verda, og i motsetnad til dei andre kornslaga blir ris i all hovudsak eten av menneske. Meir enn 95 prosent av risen som blir hausta, går til menneskeføde.

På enkelte asiatiske språk er ordet for "ris" og "mat" det same. Den vanlegaste risplanta er Oryza sativa. Risplanta er eittårig og blir om lag 1,2 meter høg. Det finst nesten 80 000 risvariantar i verda.

Fleire personar haustar ris i ein risåker dekt med vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sesong

Ris blir dyrka i den fuktige årstida, og gjerne med mellomkulturar i form av mais, hirse eller belgvekstar i den tørre årstida. Veksttida er frå to til dryge seks månader. Ris stiller store krav til varme og vassforsyning og toler høg temperatur ved stor luftfukt. Den vanlege sumprisen, som har luftførande vev i røtene, blir dyrka på sumpmark eller overfløymd mark. Tradisjonelt blir risen soltørka på bakken. I enkelte område er det mogleg å hauste tre risavlingar i året, mot normalt to risavlingar og éi maisavling.

Utbreiing

Dei landa som produserer mest ris, er Kina, India, Bangladesh og landa i Søraust-Asia. Årleg blir det produsert om lag 700 millionar tonn på verdsbasis. 90 prosent av risproduksjonen i verda går føre seg i Asia, med over 200 millionar risproduserande bønder.

Bruk

Tallerken med riskrem med tjukk jordbærsaus rundt. Foto.

Risen har fleire bruksområde, også utanfor mat. Av ris kan ein framstille papir (sigarettpapir) og brennevin (sake og risvin), og ein kan bryggje ulike ølsortar. Risen blir likevel hovudsakleg kokt som tilbehøyr til middag. Sortane som er mest nytta, er basmati, sjasmin og avorio. Risen blir òg nytta som grautris og puffa ris. Det som skil ristypane frå kvarandre, er sjølve poleringa av korna.

Næringsinnhald

Risen inneheld 80 prosent stivelse og er ei god kjelde til karbohydrat. Han inneheld òg litt protein, natrium og fosfor. Risen inneheld ikkje vitamin eller feitt.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2024

Læringsressursar

Ris