Hopp til innhald

Fagstoff

Pasta

Pasta er ei matvare som vanlegvis er laga av ein deig av kveite (vanleg kveite eller durumkveite), vatn og salt. Deigen kan òg vere tilsett andre ingrediensar for at pastaen skal få farge eller smak, eller andre eigenskapar. Mest vanleg er det å tilsetje egg.
Ei skål med spagetti carbonara. Foto.

Ordet pasta kjem frå gresk (πάστα) og betyr deig. På italiensk blir ordet òg nytta om små kaker. Sjølv om mange assosierer pasta med Italia, så har han røter i den arabiske matkulturen. Herifrå spreidde han seg til Hellas og deretter til Italia.

Pastaen blir ofte seld i tørka tilstand, då med eit vassinnhald på om lag 7 prosent, men han kan òg bli seld fersk.

Utbreiing

Pasta blir nytta i store delar av verda. Han er enkel å lage til og har mange variasjonar i farge, smak og konsistens. Det er fleire land som ønskjer å knyte opphavet til pastaen til seg sjølv. Vi tenkjer på Italia når vi høyrer ordet pasta, men pastaen vart altså nytta i arabiske land og i Hellas før han vart nytta i Italia.

Bruk

Fullkornspasta i forskjellige former. Foto.

I Asia nyttar ein mykje nudlar, og nuddeldeigen kan lagast av både kveite, mais, ris og bønner. Pasta kan òg lagast av spelt eller bokkveite. Kornet i pasta har ulike finleiksgradar, frå finmale mjøl til grovmale mjøl og heile korn. Pastaen bør ein helst servere «al dente» (med hard kjerne). Då får ein fram smaken, og retten ser meir delikat ut. I tillegg finst pasta i ulike variantar, mellom anna desse:

  • fersk eller tørka
  • fylt eller ikkje fylt
  • farga eller ikkje farga (grønsaker blir ofte nytta til farging)
  • fullkorn, eller vanleg type laga av sikta kveite

Næringsinnhald

Pastaen inneheld mykje stive og er ei god kjelde til karbohydrat. Han inneheld òg en del protein og dessutan mineralet natrium.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 17.03.2020

Læringsressursar

Pasta