Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1)
Felles programfag saman med:Bransje og arbeidsliv (RM-RMF vg1)
Råvarer, tillaging og produksjon
Å foredle råvarene på ein god måte er viktig både for å framheve smaken, auke haldbarheita og jobbe på ein berekraftig god måte. Best mogleg tillaging og produksjon i alle ledd er viktig for god økonomi i bedrifta du skal jobbe i.
Poteter, ris og pasta
Ein riktig samansett rett må innehalde hovudråvare, grønsaksgarnityr, saus og metningsgarnityr. I Noreg er potet det mest nytta metningsgarnityret. Ris og pasta kan òg vere metningsgarnityr. Ofte kan metningsgarnityret i seg sjølv vere ein god hovudrett.
Pasta
Pasta blir brukt i store delar av verda, og er saman med poteter og ris den vanlegaste forma for mettingsgarnityr. Italia er blitt kjent som sjølve pastanasjonen, men variantar av pasta har eksistert i fleire land, til dømes Kina, før han kom til Italia.