Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Interkulturell kommunikasjon

Kvifor er interkulturell kompetanse viktig når du skal kommunisere med nokon som har ein annan kulturell bakgrunn enn deg? I desse oppgåvene skal du diskutere interkulturell kompetanse og kommunikasjon.
Eit par gamle skrukkete og mørke hender held eit par små og kvite hender. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Interkulturell kompetanse og inkompetanse

  1. Forklar interkulturell kompetanse med dine eigne ord.

  2. Kvifor er interkulturell kompetanse viktig når du skal kommunisere med menneske som har ein annan kulturell bakgrunn enn deg sjølv? Bruk døme.

  3. Kva meiner du kjenneteiknar ein person med kulturell inkompetanse?

Oppgåve 2. Rollespel

Jobb i grupper. Lag eit rollespel i to akter der de beskriv ein situasjon der interkulturell kompetanse og kommunikasjon er vellykka, og ein annan situasjon der det motsette skjer.

Oppgåve 3. Internasjonal dag

Jobb i grupper. De skal lage ein internasjonal dag på skulen, og i planlegginga av dagen skal de bruke det de no veit om interkulturell kompetanse. Målet er å opplyse om kva interkulturell kompetanse er, og kvifor det er viktig.

Drøfting på førehand: Skal de setje søkjelys på likskapar og skilnader? Kven kan bidra (minoritetar/majoritetar)? Skal de vise til matrettar, seremoniar, skikkar eller andre særpreg?

Argumenter for vala deira.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2021

Læringsressursar

Interkulturell kompetanse