Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er interkulturell kompetanse?

Når du går rundt på gata, i butikken, i skulegarden eller på treningssenteret, er sjansen stor for at du møter menneske med andre bakgrunnar og kulturar. Vi helsar, snakkar og kommuniserer med kroppsspråk. Kva er viktig for at denne kommunikasjonen skal fungere best mogleg?
To muslimske kvinner med barnevogn står utanfor nokre bustadblokker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Møte med menneske

I kvardagen vår møter vi ofte menneske med ein annan kulturbakgrunn enn vår eigen. Det treng ikkje nødvendigvis vere personar frå andre land eller personar som har røter frå andre land, men det kan òg vere menneske frå andre landsdelar eller som har andre yrke eller kjønn enn det vi sjølve har. Alle desse gruppene har dei særeigne kjennetrekka sine, sin eigen kultur, og dei deler erfaringar, verdiar og normer.

Misforståingar?

Slike møte kan stundom vere prega av misforståingar, mellom anna fordi vi rett og slett ikkje har kunnskap om verdiane og kulturen til dei vi møter. Slike misforståingar kan føre til at vi trekkjer oss unna og blir skeptiske til menneske med andre bakgrunnar enn det vi sjølve har. Dette er ikkje uvanleg. Misforståingar er jo ubehagelege, og då er det heller ikkje så rart av vi unngår å oppsøkje det som skaper ubehag.

Eit enkelt døme på ei slik misforståing kan vere at ein trekkjer seg unna gesten til ein franskmann om å kysse på kinnet. I Frankrike er dette ein vanleg praksis når ein helser på folk, men du kan jo oppleve eit kyss på kinnet som meir intimt enn ei enkel helsing. I staden for å gjengjelde gesten, tek du derfor eit steg tilbake. Helsinga blir avbroten, og det oppstår ein flau situasjon. Dersom du hadde hatt kunnskap om fransk "helsekultur", ville situasjonen kanskje ha vorte mindre pinleg.

Interkulturell kompetanse

For å unngå situasjonar som den ovanfor er det altså viktig å ha interkulturell kompetanse. Interkulturell kompetanse dreier seg om vår evne til å forstå og meistre situasjonar når ulike kulturar møtest, eller, rettare sagt, når menneske møtest. Det er jo aldri slik at kulturar møtest, men det er heller menneska som høyrer til kulturane. Sånn sett kan vi seie at kulturkunnskap og kunnskap om menneske er nærskyldte.

Når vi har tilstrekkeleg kunnskap om noko – og nokon – er det lettare å kommunisere og tilpasse åtferda vår på ein slik måte av vi verken avviser eller fornærmar dei snakkar med. Vi klarer med andre ord å forstå andre og gjere oss sjølve forstått. Dermed er interkulturell kompetanse ein føresetnad for vellykka kommunikasjon.

I tillegg kan ein argumentere for at interkulturell kompetanse òg gjer det lettare å få innpass på nye stader, då vi forstår kva som kjenneteiknar den rådande kulturen.

Interkulturell kompetanse er noko som har oppteke mange forskarar, og det finst fleire meiningar om kva dette inneber. I boka Reiseliv og språk 2 blir interkulturell kompetanse mellom anna forklart som evna til å kommunisere passande og formålstenleg i ein gitt situasjon til menneske med andre kulturelle føresetnader.

Kjenneteikn på interkulturell kompetanse

Boka peiker vidare på at interkulturell kompetanse ofte har dei følgjande kjenneteikna:

  • observere og reflektere over eigen veremåte og eigen kultur

  • observere og reflektere over veremåtane og kulturane til andre menneske

  • samanlikne kulturar

  • ta omsyn til ulike perspektiv på verda og akseptere mangfald

  • stå for eigne verdiar samtidig som ein aksepterer kulturbakgrunnen til andre menneske

Eit av desse kjenneteikna løftar fram eit viktig poeng med interkulturell kompetanse. Mange sit kanskje med oppfatninga av at å skjønne noko er det same som å tolerere, men interkulturell kompetanse handlar ikkje om å akseptere. Det handlar om å forstå. Når vi har forstått noko, sit vi på kunnskapen som gjer at vi kan dømme det. Vi må ikkje vere samde med noko sjølv om vi forstår det.

Ofte skjer dette i motsett rekkjefølgje, nemleg av vi dømmer noko før vi har forstått det, men med interkulturell kompetanse minskar sjansen for at ein dømmer noko på førehand. Det kan igjen betre både forholdet og kommunikasjonen mellom partane.

Interkulturell kompetanse i eit mangfaldig samfunn

Tre tenåringsgutar med ulik kulturell bakgrunn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dag er dei aller fleste samfunna mangfaldige. Samfunna består av menneske frå ulike kulturar med særeigne skikkar og måtar å oppfatte verda på. Kunnskap om dette mangfaldet er essensielt for vellykka kommunikasjon. Sosialantropologar prøver til dømes å ha eit innanfråperspektiv på dei dei forskar på. Ved å forstå verda ut frå perspektiva deira ønskjer antropologen å få kunnskap som mellom anna kan bidra til betre kommunikasjon – nettopp fordi ein har opparbeidd seg auka forståing om den kulturelle bakgrunnen og livssynet deira. Slik kunnskap gjer det lettare å skape meining av orda dei bruker, og handlingane dei gjer.

For sjukepleiarar kan det vere viktig å vite at sjukdom betyr ulike ting i ulike kulturar. Omsorg og behandling er kulturelt fundert, og då er det viktig at sjukepleiaren har interkulturell kompetanse for å kunne forstå pasienten og gi den behandlinga som er naudsynt.

I andre situasjonar kan det oppstå misforståingar knytte til kodar omkring helsing. Eit døme er då ei muslimsk kvinne ikkje handhelsa på kronprins Haakon, men heller tok handa til brystet som ein måte å vise respekt på. Kjennskap til denne typen skikkar kan bidra til at ein unngår fornærmingar eller mistru. Handlinga er ikkje eit teikn på forakt, snarare tvert om.

I tillegg er interkulturell kompetanse viktig i eit demokratisk samfunn, der medråderett, debattar og ytringar er sentralt. Utan kunnskap om andre kulturar, utan evna til å forstå og gjere seg forstått i situasjonar med menneske som har andre kulturelle føresetnader, vil det vere vanskeleg å gjennomføre fruktbare diskusjonar, debattar og politiske prosessar. Sidan dei fleste samfunn består av menneske med ulike kulturbakgrunnar, kan ein på mange måtar argumentere for at interkulturell kompetanse er ein føresetnad i eit samfunn tufta på demokrati.

Kjelder

  • Romuld, K., Sandøy, S., Løschbrandt, A. & Høvik K. Ø. (2008). Reiseliv og språk 1. Fagbokforlaget.

  • Romuld, K., Sandøy, S., Løschbrandt, A. & Aa, H. K. (2010). Reiseliv og språk 2. Fagbokforlaget.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 31.05.2021

Læringsressursar

Interkulturell kompetanse