Hopp til innhald

Fagstoff

Ryggrulle

Ein fitnessball gjer at du får eit ustabilt underlag å trene på. Dette utfordrar dermed både balanse og styrke, og det stiller større krav til kjernemuskulaturen.

I denne øvinga trener du magens tverrmuskel i tillegg til den store setemuskelen.

Ryggrulle

Utføring

Ligg med den øvste delen av ryggen på fitnessballen. Plasser beina på ein kasse eller noko liknande slik at kroppen har ei nøytral stilling der det går ei vassrett linje frå nasen til tærne. Bøy i hofteleddet og senk rumpa sakte og kontrollert ned slik at ho såvidt rører golvet. Gjer eit lite stopp i den nedste posisjon før du presser hofta sakte tilbake til utgangsstillinga.

CC BY-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 26.06.2020

Læringsressursar

Øvingar med ball