Hopp til innhald

Fagstoff

Rygghev med medisinball

Ved bruk av medisinball i treninga får du ei ekstra vektbelastning som gjer øvingane meir krevjande.

I denne øvinga trener du hovudsakleg den lange ryggstrekkaren, men óg kappemuskelen og den bakre delen av deltamuskelen.

Utføring

I denne øvinga skal du liggje på magen på ei matte. Hald medisinballen i hendene over hovudet. Nakken skal vere ei forlenging av hovudet, og du skal heile tida sjå ned i matta. Løft den øvre delen av ryggen opp frå matta samtidig som du løftar armane med medisinballen og kastar han rett opp i lufta. Du kan gjerne bruke ein kamerat som styrer medisinballen og legg han på plass att mellom kvar repetisjon.

CC BY-NC-SASkrive av Tor Segelcke og Cathrine Dunker Furuly. Rettshavar: Terranova Media
Sist fagleg oppdatert 15.06.2020

Læringsressursar

Øvingar med ball