Hopp til innhald

Fagstoff

Kvifor trene koordinasjon?

Du har mest behov for å trene spesifikt på koordinasjon i idrettssamanheng, men vi har bruk for det både i dagleg- og arbeidslivet.

Idrett

Å trene teknikk og koordinasjon vil gi deg eit fundament til vidare utvikling i idretten din, og det er lurt å analysere kva du allereie er god til, og kva du må trene på for å bli ein betre utøvar. Her er det smart å finne oppgåver som er utfordrande og som stimulerer dei ulike koordinative eigenskapane du ønskjer å trene på, til dømes balanse, krafttilpassing eller rytme. Slik gir du kroppen eit større utval av rørsleløysingar, og du stiller sterkare når det gjeld å løyse ulike oppgåver.

Dei fleste idrettane byr på tekniske utfordringar du som utøvar er nøydd til å løyse, til dømes korleis å utføre eit stup frå eit sviktbrett, ein smash i volleyball eller å ta eit hoppskot i handball. Trener du koordinasjon, vil du bli betre til å løyse desse utfordringane.

Mann i grå shorts og grøn trøye svever i lufta klar til å smashe ein volleyball. Grøn lauvskog og blå himmel i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dagleglivet

I dagleglivet er det mange situasjonar som set koordinasjonsevna di på prøve, tenk berre på når du syklar, køyrer skuter eller bil. Det vil vere avgjerande at du bruker fleire sansar og koordinerer både dine og andre sine rørsler, slik at det ikkje oppstår skadar eller ulykker.

Driv du med trening og aktivitet? Mange held på med trening og fysisk aktivitet, som til dømes klatring, snøbrett, skiturar og lagspel. Tenk deg når du etter mange forsøk klarer å klatre ei vanskeleg løype, når du endeleg får til eit triks på snøbrett eller når laget ditt speler bra. Korleis føler du deg då? Du opplever ei meistringskjensle som er veldig god å kjenne på, ho bidreg til auka sjølvtillit og sjølvkjensle, som er positivt i kvardagen din.

I kroppsøvingsfaget kan godt utvikla koordinative eigenskapar bidra positivt i mange aktivitetar. I lagspel kan det til dømes hjelpe deg når du skal ta imot og sende ei pasning, det kan vere enklare å halde rytmen når det er rørsle til musikk, og du kan vere betre i stand til å tilpasse krafta i slaga i volleyball og badminton.

Arbeidslivet

Ulike yrke set òg krav til koordinasjonen din, korleis hadde det til dømes vore å klippe seg hos ein frisør med dårleg auge-hand-koordinasjon? Gjennom øving vil arbeidsteknikkane dine bli betre, du vil utføre oppgåvene meir rasjonelt og meistre arbeidsoppgåvene på ein betre måte. Kan du nemne fleire yrke det er viktig med god koordinasjon? Kva koordinative eigenskapar er det viktig å meistre i yrka vi ser under – kokk, plattformarbeidar, målar og feiar?

CC BY-SASkrive av Bjørn Erik Rolseth.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Koordinasjon