Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis gjennomføre trening av uthald?

Du kan utføre trening av uthald anten som samanhengande arbeid eller intervallarbeid. For å finne riktig metode bør du også vite litt om pulsmåling og intensitet.
To jenter spring med stavar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Intervalltrening er arbeid der du vekslar mellom arbeidsperiodar med høg intensitet og pausar der du har låg intensitet. Kontinuerleg arbeid er aktivitetar som går føre seg over eit lengre tidsrom utan pause, i motsetnad til intervall. Ved samanhengande arbeid bør intensiteten og hjartefrekvensen (pulsen) vere nokså jamn gjennom heile treninga. Ved intervalltrening vil intensiteten variere, og hjartefrekvensen vil i arbeidsperiodane vere langt høgare enn ved samanhengande arbeid.

Hjartefrekvens (HF)


er slaga vi kjenner på huda over ei hovudpulsåre (arterie). Pulsslaget oppstår når hjartet drar seg saman og pressar ut blodet. Hjartefrekvensen er individuell. Det vil seie at hjartefrekvensen er ulik frå person til person, uavhengig av form og treningsbelastning. Gen og alder påverkar også hjartefrekvensen. Føremålet med å måle hjartefrekvensen er å kontrollere intensiteten på treninga, slik at du veit kor hardt du trener. Om du trener mykje, kan måling av pulsen utanom treninga også vere ein peikepinn på om du får nok .

Maksimal hjartefrekvens og hjartefrekvens i kvile

Maksimal hjartefrekvens (makspuls) er det høgaste talet på slag hjartet kan slå på eitt minutt. Hjartefrekvens i kvile (kvilepuls) er det lågaste talet på slag hjartet slår på eitt minutt. Makspulsen søkkjer med alderen og er ikkje trenbar.

Relatert innhald

Kvilepulsen kan du påverke ved aerob uthaldstrening, dette skuldast at hjartet blir sterkare med eit auka . Dermed treng ikkje hjartet å pumpe så mange gonger for å fordele same mengde blod, slik får du ein lågare kvilepuls. Kvilepulsen kan du måle på morgonen før du står opp.

Måling av hjartefrekvens

Du kan måle hjartefrekvensen både manuelt og med bruk av pulsklokke. Manuelt kan du måle ved å leggje to fingrar på hovudpulsåra i halsen og telje slag i 30 sekund, deretter gongar du med 2. Bruk av pulsklokke er ein sikrare måte å måle pulsen på, då du får ei jamnare måling, iallfall om du bruker pulsbelte.

Intensitet

I uthaldstrening snakkar ein om intensitet i samanheng med ulike treningsmetodar. Intensiteten betyr kor hard belastninga er, kor mykje du pressar kroppen. Intensitet er avgjerande for treningsutbyttet. Intensiteten kan ein bestemme både objektivt og subjektivt. Objektiv måling skjer ved å måle pulsen, mens den subjektive målinga tek utgangspunkt i opplevd grad av påkjenning.

Under finn du ein tabell som syner ei oversikt over intensitet ved ulike aerobe og anaerobe treningsmetodar.

Aerob – kontinuerleg arbeid

Treningsmetode

Intensitet OLT (% av HFmax)

Intensitet (Borg skala)

Døme

Roleg langkøyring

i1–i2

(60–82,5)

Roleg (9–11)

20 min. til opptil fleire timar

Hurtig langkøyring

i3–i4

(82,5–92,5)

Moderat/hardt (12–16)

30 min. progressivt (auke farta gradvis gjennom heile økta)

30 min. jamn fart (gå ut litt hardare enn roleg langkøyring og halde farta)

Fartsleik

i3–i4 (82,5–92,5)

Moderat/hardt (12–16)

20 min. til opptil ein time der lysta styrer aktiviteten

Aerobe intervall

Treningsmetode

Intensitet OLT (% av HFmax)

Intensitet (Borg skala)

Døme

Langintervall

i3–i5 (82,5-97,5)

Moderat (12–13)

Hardt/svært hardt (15–18)

4–6 x 8 min. 2 min. pause.

4 x 4 min. 2 min. pause.

3 x 3 min. + 3 x 2 min. 2 min. pause, 1 min. pause.

10 x 2 min. 1 min. pause.

Naturleg intervall

i3–i4

Moderat/hardt (12–16)

Rask fart forbi 2 lyktestolpar, roleg fart forbi 1 lyktestolpe. Gjenta.

Auke farta opp ein bratt bakke. Fortsetje roleg. La terrenget bestemme farta.

Pyramideintervall

i4–i5

Moderat/hardt (12–16)

1–2–3–4–4–3–2–1 min. arbeidsperiode. Halve tida av arbeidsperioden er pause.

Kortintervall

i4–i5

Hardt (14–16)

Hardt/svært hardt (15–18)

50 x 15/15 (25 min. total tid)

10 x 45/15

15 x 1 min. 1 min. pause

Anaerobe intervall

Treningsmetode

Intensitet OLT (% av HFmax)

Intensitet (Borg skala)

Døme

Korte tempointervall, submaksimalt

i6–i7

Hardt

4 x 200 m. submaksimalt. 20–30 sek. pause, x 2–3 seriar. 3–5 min. pause mellom kvar serie.

Korte tempointervall

i7–i8

Hardt / svært hardt (15–18)

4 x 200 m. maksimal sprint. 10–15 min. pause.

Kor godt utbytte du får av treninga, er avhengig av fleire faktorar:

  • Kor ofte du trener, bør vere avhengig av kva slags aktivitet du utfører. Du kan gå tur kvar dag, mens meir krevjande aktivitet bør gjerast 2–3 gonger i veka.
  • Kor lenge du trener, er avhengig av forma di og av kor intens aktiviteten er. Roleg aktivitet bør helst vare minst 30–60 minutt. Ved hardare innsats er det normalt å redusere lengda. Hugs: Alt monnar – 10–15 minutt er betre enn ingenting!
  • Kor hardt du skal trene, må styrast av forma di og av kva du ønskjer å oppnå med treninga. Konkurranseutøvarar må trene med høgare intensitet enn mosjonistar og dårleg trena personar.


Hovudregel: Først aukar du lengda på treningsøkta, deretter bør du trene meir intenst.

Kjelder

Gjerset, A., Holmstad, P., Raastad, T., Haugen, K., Giske, R. (2012) Treningslære. Gyldendal undervisning.

Gymnastik och idrettshögskolan (2012). Borgs RPE-skala. Henta frå: https://www.gih.se/Global/3_forskning/fysiologi/elinekblombak/Borg_RPE_skalan.pdf

CC BY-NC-SASkrive av Cathrine Dunker Furuly, Kolbjørn Ekker, Jan Bolle , Oddbjørg Vatn Slapgaard og Hans Petter Fuglerud.
Sist fagleg oppdatert 05.06.2020

Læringsressursar

Uthald