Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er uthald?

Ulike typar av muskelarbeid krev ulikt uthald. Vi skil mellom to hovudtypar av uthald: aerobt og anaerobt uthald.

Aerobt uthald – langvarig arbeid med nokså høg intensitet

Aerobt uthald er evna til å kunne gjennomføre langvarig arbeid med nokså høg intensitet. Då arbeider du slik at musklane får nok oksygen (O2) til det muskelarbeidet som skal utførast. Oksygenet får vi frå lufta vi pustar inn.

Aerobt uthald er den forma for uthald dei fleste av oss treng til dei kvardagslege gjeremåla våre, både i arbeid og fritid. Idrettar som blir utførte over lang tid, til dømes langrenn, sykling, symjing og orientering, krev høg aerob kapasitet.

Mykje av evna til uthald kjem av arvelege eigenskapar. Men uansett arv kan du trene opp uthaldet til eit godt nivå, gjennom regelmessig aktivitet.

Hjartet pumpar blodet rundt i kroppen

Lufta vi pustar inn, inneheld oksygen. Oksygenet blir teke opp i blodet i lungene, så blir oksygenet transportert via blodet til hjartet. Det er dei raude blodcellene som transporterer oksygenet rundt i kroppen og ut til dei arbeidande muskelcellene.

Aerob energifrigjering gir energi

Muskelcellene treng oksygenet til å forbrenne feitt og karbohydrat for å gjere det om til energi. Denne forbrenninga gir oss energi til arbeidet vi gjer. Forbrenningsprosessen gir også ein del avfallsstoff, først og fremst karbondioksid (CO2) og vatn. Avfallsstoffa blir frakta frå musklane via blodet, gjennom hjartet og ut av kroppen gjennom lungene og luftvegane.

Anaerobt uthald – kortvarig arbeid med høg intensitet

Anaerobt uthald er evna til å kunne utføre kortvarig, intenst arbeid. Då arbeider musklane så hardt at det ikkje blir nok tilførsel av oksygen (O2). Kroppen må dermed setje i gang ein «reservemotor», som lagar energi utan tilførsel av oksygen. Det kallar vi anaerob energifrigjering.

Anaerobt uthald får du mest bruk for ved kortvarig arbeid med store belastningar, til dømes når du spurtar eller syklar opp ein bratt bakke.

Laktat

Viss tilførselen av oksygen til musklane ikkje er stor nok, må kroppen lage energi på ein annan måte. I denne prosessen blir det danna laktat som fungerer som ei slags reserve-energikjelde. Når musklane jobbar på denne måten, blir dei til slutt stive.

Vanlegvis har opphoping av laktat i muskulaturen vorte brukt som forklaring på at musklane stivnar, men sannsynlegvis er det andre årsaker som er avgjerande her.

Er laktat og mjølkesyre det same?

Omgrepa laktat og mjølkesyre blir ofte brukte om kvarandre, men dette er to ulike kjemiske samband. Mjølkesyre er ei syre, mens laktat er den basen som blir danna når mjølkesyre gir frå seg eit hydrogenion/proton:

               Mjølkesyre                   Laktat         + H+

CH3CH(OH)COOH CH3CH(OH)COO- + H+

Laktat blir danna i cellene både når det er nok oksygen til stades, og når det ikkje er det, men det blir danna mest når musklane har liten tilgang på oksygen (anaerobe forhold).

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Kolbjørn Ekker, Oddbjørg Vatn Slapgaard og Jan Bolle .
Sist fagleg oppdatert 06.02.2023

Læringsressursar

Uthald