Hopp til innhald

Fagstoff

Kroppsleg læring og turn, økt 4

Turn som aktivitet gir ei unik moglegheit til å lære, sanse, oppleve og skape med kroppen. I denne økta skal du vise fram kva du har lært i løpet av perioden.
Jente som står med ryggen til ein madrass. Ei anna jente står på kne og held ei hand i korsryggen hennar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opplegget som er presentert under, er eit forslag på fire økter i turn med ein tenkt progresjon. Det inkluderer òg videoar med øvingsutval der du kan velje ut frå nivået ditt. Det er lagt vekt på at opplegget skal bidra til utforsking, refleksjon og undring, åleine, i par og i grupper.

Til lærar

Tips til førebuing

  • Ha ein samtale med elevane om læringsmål, kroppsleg læring og korleis dei blir vurderte.

  • Gi elevane litt bakgrunnsinformasjon ved hjelp av artikkelen "Om turn".

I økt 3 og 4 skal elevane bidra med læring i ei større gruppe. I økt 4 skal eleven strukturere den samla kompetansen sin, anten ved ei framføring for medelevar og/eller lærar eller ved å filme framføringa som ei innleveringsoppgåve. Formålet med ei framføring er at eleven heile tida skal ha noko å strekke seg mot, og å kunne setje ord på og vise med kroppen kva han eller ho har lært.

Læringsmål

Målet med perioden (fire økter er at du skal)

  • trene på grunnøvingar og vidarekomne element i turn ut frå eigne føresetnader (vg1)

  • reflektere over kva du får til med kroppen din, og kva du må jobbe meir med (vg1)

  • gi positive og konstruktive tilbakemeldingar (vg1)

  • utfordre deg sjølv og ikkje gi opp sjølv om du opplever å ikkje få til (vg1)

  • forstå korleis du kan utvikle koordinasjon, styrke, rørsleevne, psykisk uthald (øve og prøve sjølv om du ikkje opplever meistring) og fysisk uthald gjennom å trene på øvingar i turn (tillegg for vg2)

Oppvarming (10 minutt)

Gjennomfør oppvarming i gruppa.

  • Start med generell oppvarming.

  • Gjer deretter nokre utvalde øvingar frå oppvarmingsvideoane i turn.

  • Set av dei to siste minutta til å trene på den sjølvvalde turnøvinga di. Kva utvikling har du hatt på denne øvinga, og korleis vil du forklare utviklinga?

Diskuter felles i klassen.

  • Kva betyr det å respektere andre?

  • Korleis kan vi vere eit godt publikum for gruppene når dei har framføringane sine?

  • Kva kan kvar enkelt gjere for at showet skal gå som planlagt?

Spesiell oppvarming i turn, individuelle øvingar
Spesiell oppvarming i turn, parøvingar

Hovuddel, del 1 (20 minutt)

Øv på turnshowet saman med gruppa di. Repeter kven som gjer kva, og gjer eventuelle justeringar som må til. Gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar undervegs.

Hovuddel, del 2 (30 minutt)

Kvar gruppe viser fram turnshowet sitt på to til tre minutt. Alternativt kan de bruke denne tida til å filme turnshowet dykkar.

Avslutning (10 minutt)

Les gjennom heile oppgåva før du går i gang.

Reflekter og diskuter saman med gruppa di.

  • Kva har du lært og erfart med kroppen i løpet av denne perioden? Forklar kvarandre på gruppa kva de har lært.

  • Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har du gitt til gruppemedlemmene dine?

  • Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har du fått av gruppemedlemmene dine?

  • Klarer du å øve utan å gi opp?

  • Korleis har du jobba med dei fysiske og koordinative eigenskapane i denne perioden? (Vg2)

Du skal anten skrive eit individuelt refleksjonsnotat om prosessen eller levere eit lydopptak av samtalen du har med gruppa. Vel den metoden som best får fram tankane dine og kunnskapen din. Ta utgangspunkt i punkta over.

CC BY-SASkrive av Charlotte Buer Tangen og Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Turn