Hopp til innhald

Fagstoff

Kroppsleg læring og turn, økt 3

Turn som aktivitet gir ei unik moglegheit til å lære, sanse, oppleve og skape med kroppen. I denne økta skal du få bidra med eiga læring i gruppe.
Jente som prøver å slå stiften, og ei anna jente som står klar til å støtte ho. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opplegget som er presentert under, gir eit forslag til ein progresjon over fire økter i turn, og det har samtidig ein øvingsbank i videoane som du kan velje ut frå nivået ditt. Det er lagt vekt på at opplegget skal bidra til utforsking, refleksjon og undring, åleine, i par og i gruppe.

Til lærer

Tips til førebuing

  • Ha ein samtale med elevane om læringsmål for økta og for perioden.

  • Prat òg om kroppsleg læring, kva dei har lært om kroppen sin og funksjonane han har, og kva erfaringar dei har med å gi og å få konstruktive tilbakemeldingar.

  • Repeter koordinasjon, styrke, rørsleevne og fysisk og psykisk uthald med vg2-elevane.

I økt 3 og 4 skal elevane bidra med læring i ei større gruppe. I økt 4 skal eleven strukturere den samla kompetansen sin anten ved ei framføring for medelevar og/eller lærar eller ved å filme framføringa som ei innleveringsoppgåve. Formålet med ei framføring er at eleven heile tida skal ha noko å strekke seg mot, og å kunne setje ord på og vise med kroppen kva han eller ho har lært.

Læringsmål

Målet med perioden (fire økter) er at du skal

  • trene på grunnøvingar og vidarekomne element i turn ut frå eigne føresetnader (vg1)

  • reflektere over kva du får til med kroppen din, og kva du må jobbe meir med (vg1)

  • gi positive og konstruktive tilbakemeldingar (vg1)

  • utfordre deg sjølv og ikkje gi opp sjølv om du opplever å ikkje få til (vg1)

  • forstå korleis du kan utvikle koordinasjon, styrke, rørsleevne, psykisk uthald (øve og prøve sjølv om du ikkje opplever meistring) og fysisk uthald gjennom å trene på øvingar i turn (tillegg for vg2)

Oppvarming (20 minutt)

Heile klassen

Gjer øvinga "tømmerstokken" (fikseringsøving).

  • Legg ut ei rekke med matter.

  • Legg dykk tett inntil kvarandre i den eine enden av matta.

  • Ein elev legg seg langsgåande oppå dei andre. De som ligg nedst, skal rulle den som ligg på toppen ut av rekka.

  • Gjenta øvinga med ny elev på toppen til alle har prøvd.

Kva er viktig for å få til ei øving som tømmerstokken? Diskuter.

To læringspar går saman

Hald fram oppvarminga i grupper på fire.

  • Vel oppvarmingsøvingar frå videoane om spesiell oppvarming i turn.

  • Nummerer gruppemedlemmene frå ein til fire. Kvar av dykk styrer oppvarminga i eitt til to minutt.

Spesiell oppvarming i turn, individuelle øvingar
Spesiell oppvarming i turn, parøvingar

Hovuddel (40 minutt)

Planlegg turnshow i gruppa

  • Gjer "Grunnøvingar i turn" saman.

  • Vis og forklar kvarandre turnøvingane de har valt frå den førre økta. Gi kvarandre positive og konstruktive tilbakemeldingar.

  • Ha ein samtale om kva som er styrkane dykkar. Bruk dette i planlegginga av eit turnshow.

Turnshowet skal vare i to til tre minutt. De kan anten framføre turnshowet neste økt eller filme det og dele videoen med faglærar.

Grunnøvingar i turn

Lag ein plan

  • Kven gjer og seier kva?

  • Kor lang tid tek kvar del/sekvens?

  • Del gjerne planen med læraren dykkar.

Turnshow
  • Få fram kva de har lært i denne perioden, ut frå eigne føresetnader.

  • Kombiner gjerne øvingar frå både oppvarming, grunnøvingar og turnøvingar 1 og 2.

  • De kan sikre og hjelpe kvarandre i showet. For å skape flyt kan de legge til effektar (dans, musikk, enkelt utstyr og enkle kostyme).

  • Utfordre dykk sjølve. Vel øvingar med ulik vanskegrad. Det er lov å prøve på eit element du er usikker på om du meistrar skikkeleg, alt må ikkje vere perfekt!

Turnøvingar 1
Turnøvingar 2

Avslutning (10 minutt)

Diskuter (kombiner gjerne med lett uttøying).

  • Kva får du til no, og kva må du jobbe meir med til turnshowet?

  • Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har du gitt til gruppemedlemmene dine?

  • Kva positive og konstruktive tilbakemeldingar har du fått av gruppemedlemmene dine?

  • Klarer du å øve utan å gi opp?



CC BY-SASkrive av Charlotte Buer Tangen og Cathrine Dunker Furuly.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2022

Læringsressursar

Turn