Hopp til innhald

Fagstoff

Varsling

Det kan vere vanskeleg å oppleve at ei bedrift ikkje alltid følgjer lover og reglar. Men det skjer, og då er spørsmålet kva du som arbeidstakar kan gjere. I media får varslingssaker stor merksemd. Kva er forskjellen på eit avvik og ei varslingssak?
To menn ber pappkassar inn i ein politibil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I juni 2017 blei arbeidsmiljølova endra slik at alle bedrifter med meir enn fem tilsette skal ha varslingsrutinar. Arbeidstakarar har rett til å varsle om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen.

Kva er kritikkverdige forhold?

Kritikkverdige forhold blir i arbeidsmiljølova definerte som forhold som er i strid med lover og reglar i samfunnet, etiske normer som har brei tilslutnad i samfunnet, eller skriftlege etiske retningslinjer i verksemda.

Som døme nemner lova forhold som kan innebere fare for liv eller helse, fare for klima eller miljø, korrupsjon eller annan økonomisk kriminalitet, myndigheitsmisbruk, uforsvarleg arbeidsmiljø eller brot på personopplysingstryggleiken.

Brot på lover og reglar i samfunnet

Nokre gonger kan vi som arbeidstakarar oppdage at det skjer lovbrot på arbeidsplassen. Kanskje oppdagar du reint tilfeldig at det har skjedd noko straffbart, eller kanskje nokon ber deg «lukke auga» for ein planlagd svindel. Økonomisk svindel, slik som tjuveri, underslag og korrupsjon, er truleg mest vanleg. Å forureine eller dumpe avfall i miljøet er òg straffbart.

Oppdagar du som arbeidstakar at noko slikt har skjedd eller er i ferd med å skje, har du rett til å varsle om det. Du har òg rett til å varsle om forhold som vedkjem deg som person, til dømes seksuell trakassering eller overgrep.

Brot på etiske normer som har brei tilslutnad i samfunnet

Sløsing med offentlege midlar er eit døme på eit kritikkverdig forhold i offentleg forvaltning. Sosial dumping, det vil seie at bedrifter utnyttar arbeidsinnvandrarar, er eit døme på eit kritikkverdig forhold i det private næringslivet.

Både sløsing med offentlege midlar og sosial dumping bryt med dei etiske normene i samfunnet, sjølv om det ikkje nødvendigvis dreier seg om lovbrot.

Brot på etiske retningslinjer

På dei fleste arbeidsplassar har vi etiske retningslinjer, og her inngår som regel òg varslingsrutinane.

Dei etiske retningslinjene seier noko om korleis arbeidsplassen skal fungere. Dei beskriv korleis vi skal vere mot kvarandre, men òg korleis bedrifta skal fungere internt og overfor samfunnet. Vidare kan dei beskrive korleis tilsetjingsprosessar skal gjennomførast, og at bedrifta må innhente tilbod ved større innkjøp. Dermed kan vi til dømes ikkje berre tilsetje nokon i familien eller kjøpe varer frå ei bedrift vi kjenner. Vi må gjere det i tråd med dei etiske retningslinjene.

Verksemder i Noreg skal i utgangspunktet følgje sine eigne etiske retningslinjer, men nokre gonger gjer dei det ikkje. Det kan kome av menneskelege feil eller feil i rutinane. Uansett er det viktig at dei tilsette seier frå dersom dei oppdagar brot på dei etiske retningslinjene.

Kvinne avviser å ta imot ein konvolutt med pengar. Foto.

Korleis går du fram dersom du vil varsle?

Du kan varsle på tre måtar: internt i bedrifta, til ei offentleg styresmakt eller eksternt (til media eller andre).

Din eigen leiar er den næraste å varsle til. Du kan òg varsle til verneombodet eller den tillitsvalde på arbeidsplassen.

Om det ikkje er mogleg å varsle nokon i bedrifta, er det naturleg å vurdere om du bør varsle forholdet til politiet. Du kan òg varsle ei anna offentleg myndigheit, til dømes arbeidstilsynet, helsetilsynet eller kommunen.

Varslarar opplever nokre gonger at bedrifta eller den offentlege myndigheita dei har varsla til, ikkje reagerer på varselet. Om du skulle oppleve det, kan du vurdere å gå til media. Media har eit sjølvstendig ansvar for å avdekkje kritikkverdige forhold i samfunnet og vil som regel vere interesserte i å skrive om slike forhold.

Vern for den som varslar

Det kan vere vanskeleg å vere varslar. Du påpeikar trass alt kritikkverdige forhold hos din eigen arbeidsgivar. Det kjennest kanskje illojalt, og kanskje du òg er redd for å miste jobben.

Arbeidsmiljølova krev at ein arbeidsgivar som får eit varsel, gjer tiltak innan rimeleg tid. Lova seier òg at den som varslar, ikkje kan bli sagt opp på grunn av det. Tvert imot skal varslingsrutinane i bedrifta beskrive at det er trygt å varsle, og at varslarar skal behandlast på ein profesjonell og trygg måte.

Kva er ikkje ei varslingssak?

På arbeidsplassar kan det oppstå små og store avvik frå rutinane. Det kan vere alt frå dårleg luft på kontoret til at ein kollega alltid kjem for seint på jobben. Sjølv om slikt kan vere irriterande, gir det ikkje grunnlag for å varsle. Det dreier seg trass alt om forhold du på ein enkel måte kan ta opp med leiaren din eller ein kollega. Saker som gjeld løna di eller arbeidsvilkåra dine, er heller ikkje varslingssaker.

Du kan vere usamd i mykje som skjer på arbeidsplassen, men så lenge det ikkje kan definerast som kritikkverdige forhold ifølgje arbeidsmiljølova, dreier det seg ikkje om ei varslingssak.

Du kan til dømes vere usamd i måten de utfører ei arbeidsoppgåve på, og frustrert over at ikkje dei faglege argumenta dine blir høyrde. Eller kanskje arbeidsgivaren din ikkje bryr seg om at du har ei politisk eller religiøs overtyding. Det er likevel inga varslingssak, men noko du må ta opp med leiaren din eller den tillitsvalde.

Lover og reglar

Arbeidsmiljølova, paragraf 2 A, framgangsmåte ved varsling

Temaside om varsling på nettsidene til Arbeidstilsynet

CC BY-SASkrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 02.12.2020

Læringsressursar

Arbeidsliv