Kva fagforeining passar for meg? - Administrasjon og berekraftig drift (SR-SSH vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva fagforeining passar for meg?

Det er over 70 ulike fagforeiningar i Noreg. 25 av dei høyrer inn under LO. Veit du kva fagforeining vektarar eller administrasjonsmedarbeidarar høyrer til?

Organisasjonsstrukturen

På det øvste nivået har vi dei fire hovudorganisasjonane i Noreg. Det er Landsorganisasjonen (LO), Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund (YS), Unio og Akademikerne. Dei enkelte fagforeiningane i Noreg er knytte til ein hovudorganisasjon. Arbeidstakarar er med i ei fagforeining som medlemmer.

På arbeidsgivarsida er det fem hovudorganisasjonar, nemleg Næringslivets hovedorganisasjon (NHO), Spekter, Kommunenes Sentralforbund (KS), Virke og Finans Norge. Landsforeiningane er knytte til ein hovudorganisasjon. Bedriftene igjen er knytte til ei landsforeining.

Saman er vi sterke

Arbeidstakarar organiserer seg for å bli sterkare saman. Når vi står saman om lønnskrav eller andre arbeidsrelaterte forhold, har vi betre sjanse for å få ønska innfridd.

På tilsvarande måte er det òg ein styrke for arbeidsgivarsida å vere organisert i eit forpliktande samarbeid.

Fagforeiningar under LO

Medlemmer i LO-fagforeiningar får tilgang på gode lånevilkår, forsikringsordningar og juridisk rådgiving. I fagforeiningane i LO får elevar gratis medlemskap, mens studentar betaler 500 kroner i året. Det er ulike ordningar for lærlingar.

Vektar

Norsk Arbeidsmandsforbund organiserer dei fleste vektarane. Forhandlingsmotpart er NHO Service og Handel.

Lærlingar betaler ordinær medlemskontingent, som er 1,6 prosent av bruttolønn.

Hotell og reiselivstilsett

Jobbar du i restaurant- og reiselivsbransjen, er det naturleg å vere medlem i Fellesforbundet.

Ordinær medlemskap kostar 1,5 prosent av bruttolønn, dette gjeld òg for lærlingar.

Sal, kontor og administrasjon

Handel og Kontor (HK) organiserer over 70 000 medlemmer i mellom anna handel, kontor, administrasjon og serviceverksemd. HK har avtalar med NHO og Virke når det gjeld handel og service.

I HK betaler du òg ein prosent kontingent for ordinær medlemskap, det er 1,4 prosent pluss ein forsikringskontingent på 172 kroner. Lærlingar betaler 110 kroner i månaden.

Fagforeiningar

Norsk Arbeidsmandsforbund

Fellesforbundet

Handel og Kontor

Parat

LO

NHO

YS

Unio

Akademikerne

Spekter

KS

Virke

Finans Norge

Fagforeiningar utanfor LO

YS er dei største hovudorganisasjonane i tillegg til LO. YS er partipolitisk uavhengig, mens LO har sterke band til Arbeidarpartiet. Yrkesgruppene kan velje mellom ulike fagforeiningar. Vektarar kan til dømes vere organiserte i Parat, som er ei fagforeining i YS, som alternativ til Norsk Arbeidsmandsforbund i LO.

Det er frivillig om du vil melde deg inn i ei fagforeining, og det kan vere tilfeldig kva fagforeining du eventuelt vel. Du får kanskje tilrådd ei fagforeining som ein kollega er med i, eller det kan vere ein flink tillitsvald som gjer at du blir med i ei anna.

På nokre arbeidsplassar er det ikkje fagorganiserte, kanskje du blir den første?

Relatert innhald

Skrive av Cecilie Lund.
Sist fagleg oppdatert 12.11.2020