Hopp til innhald
Oppgåve

Frynsegode

I denne oppgåva skal du intervjue éin eller fleire personar for å finne ut kva slags frynsegode vedkommande har. Du kan intervjue ein person du kjenner, ein person i familien eller ein person i venneflokken.

Jobb saman to og to og presenter resultata i klassen etterpå.

  1. Beskriv kva frynsegode er, og kva reglar som gjeld for frynsegode.
  2. Lag ein intervjuguide med spørsmål om frynsegode.
  3. Intervju éin eller fleire personar du kjenner, om kva frynsegode dei har.
  4. Oppsummer kva du har funne ut, og diskuter kva som er bra eller dårleg med frynsegode.