Hopp til innhald

Fagstoff

Vilkår og påskjønning

Forsking viser at det er behov for individuell behandling av medarbeidarar. Til dømes bør påskjønningssystemet tilpassast den enkelte. Løn er viktig, men det er òg personleg utvikling, anerkjenning, ansvar og trivsel.
Fire 200-lappar og ei rekkje kredittkort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vilkår og påskjønning

Når du er i eit arbeidsforhold, skal du ha løn. I arbeidskontrakten står det beskrive kva lønsvilkår du har, i tillegg til arbeidstid. Dette er grunnleggjande i alle arbeidskontraktar. Med høg generell levestandard forventar likevel mange arbeidstakarar meir enn pengar for arbeidsinnsatsen sin. Løn er med andre ord ikkje den einaste motivasjonsfaktoren.

Å kunne få bruke evnene sine og utvikle talenta sine kan bety mykje. Det å oppnå anerkjenning, få ansvar og vere ein del av eit godt arbeidsmiljø kan opplevast som viktige verdiar. Vi kallar gjerne slike verdiar for indre insentiv. Vi snakkar derfor om insentiv- og påskjønningssystem.

Store bedrifter kan tillate seg å løne medarbeidarar relativt beskjedent i stillingar som trainee eller prosjekttilsette. Berre det å få jobb i slike anerkjende selskap er ei påskjønning i seg sjølv, både med tanke på å opparbeide seg kompetanse og å få dei som referanse. Å ha ei slik jobberfaring på CV-en kan nemleg ha stor betydning for seinare jobbar og avløning.

Løn er likevel viktig og bør stå i forhold til innsats og ansvar. Lønspolitikken er ein del av heile personalpolitikken. Likestilling mellom kjønna er ein naturleg del av dette. Lik løn for likt arbeid er eit kjent slagord.

Tenk over

Kva motivasjonsfaktorar meiner du vil bli viktigast for deg i ein framtidig jobbsituasjon?

Andre økonomiske insentiv

På leiarnivå kan det å få opsjonar i bedrifta vere eit insentiv. Då vil leiaren nyte godt av den verdiskapinga han eller ho har vore med på. I denne samanhengen er ein opsjon noko som gir tilsette rett, men ikkje plikt, til å kjøpe aksjar til ein fastsett pris, på ein gitt dato.

Dei tilsette kan i nokre tilfelle òg kjøpe aksjar til ein rimeleg pris. Dei tilsette vil likevel kunne risikere å tape pengar ved kursfall, noko som ikkje rammar opsjonar på same måte.

Eit anna insentiv er bonusordningar for avdelingar eller enkelttilsette. Vilkåret for utdeling er overskot. Bonusen vil då utgjere ein fastsett del av årsoverskotet.

Frynsegode

Utbetaling av bonus er skattepliktig, men i nokre tilfelle kan tilsette få andre fordelar enn pengar. Desse blir kalla naturalytingar, eller «frynsegode».

Firmabil er eit døme på eit frynsegode. Rimelege lån, fri barnehage og frie elektroniske tenester som mobil og Internett er andre døme på frynsegode.

Tilsette må òg betale skatt av frynsegode. Skattestyresmaktene har omrekningsmodellar for å berekne den eigentlege verdien – for så å kunne skattleggje fordelen.

Utdanning betalt av arbeidsgivaren blir i dag rekna for å vere det mest verdifulle frynsegodet av alle. I mange tilfelle er dette skattefritt. Grunnen er ønsket til styresmaktene om å stimulere til kompetanseauke.

Teikneserie om vilkår og påskjønning. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 19.03.2021

Læringsressursar

Arbeidsmiljø