Hopp til innhald

Fagstoff

Store små mennesker

Endringar i livet er ikkje alltid like enkle. I denne filmen kan du sjå korleis bestevennene Balder og Haakon taklar overgangen frå småbarnsavdeling til storbarnsavdeling i barnehagen, og korleis dei vaksne i barnehagen jobbar for å løyse utfordringane som oppstår.

Utfordringar til deg

  1. Store små mennesker er ein film om vennskap.

    1. Kva betyr det for deg å ha ein venn?

    2. Kva har vennskap å seie i ulik alder?

    3. Kva kan vi gjere for å ta vennskapen til små barn på alvor?

  2. Kva overgangar hugsar du best frå din eigen oppvekst?

  3. Kva utfordringar oppstår for Balder og Haakon når dei kjem på storbarnsavdelinga?

  4. Kva trur du kan vere årsaka til at åtferda til gutane forandrar seg når dei kjem saman med dei store barna?

  5. Filmen har medvitent prøvd å vise perspektivet til barn.

    1. Kva kan du gjere for å ta perspektivet til andre?

    2. Kva bidreg det til for andre at du klarer å ta perspektiva deira?

  6. Kva kan du som fagarbeidar gjere for at overgangar mellom avdelingar eller frå barnehage til skule blir ei god og trygg oppleving for barna? Diskuter i grupper og i klassen.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2023

Læringsressursar

Barnehage, skule og SFO