Hopp til innhald

Fagstoff

Barnehagen

Barnehagen skal vere ein trygg plass for barna å vere med omsorgsfulle vaksne. Der kan dei leke, lære og bli sosialiserte. Barnehagen er ein del av utdanningssystemet i Noreg og skal leggje eit godt grunnlag for vidare utvikling og læring.
To barn leiker med haustblad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Litt historie

Det første barneasylet i Noreg vart starta i 1837 i Trondheim. I løpet av 1800-talet opna fleire slike barneasyl andre stader i landet. Asyla skulle ta hand om fattig barn som streifa omkring i gatene. Etter kvart endra dei namn til barnehage, der målet var å gi barn ein god start på livet. Barnehagen var inspirert av den tysk pedagogen Fredrick Fröbel, som meinte at barnet skulle bli oppdregne i fridom og demokrati, der leiken var ein viktig del av barneoppsedinga. I 1975 vart den første barnehagelova vedteke. I 1996 fekk barnehagen sin første rammeplan, og i 2009 fekk alle barn ein lovfesta rett til barnehageplass.

Barnehagar i dag

Barnehage er eit frivillig tilbod, det er foreldre/heimen som bestemmer om dei vil at barnet skal gå i barnehagen. Regjeringa har som mål at barnehagen skal vere tilgjengeleg for alle. Opningstidene i barnehagen varierer frå barnehage til barnehage.

Frå barnet fyller eitt år har det etter søknad rett til barnehageplass. Når barnet har fått barnehageplass, har det plass i barnehagen fram til skulestart. Barn med særskilde behov har rett til prioritet ved opptak.

Ulike typar barnehagar

Vi har ulike typar barnehagar: avdelingsbarnehage, basebarnehage, familiebarnehage og open barnehage. Barnehagen kan vere kommunal eller privateigd. Barnehagen kan arbeide ut frå spesielle pedagogiske/filosofiske retningar, slik som til dømes steiner-, montessori- eller Reggio Emilia-barnehagar eller frilufts-/naturbarnehagar. Alle barnehagar skal følgje lov om barnehager og forskrift om rammeplan barnehagens innhald og oppgåver.

Barnehagen som pedagogisk verksemd

I dag skal barnehagar vere ei pedagogisk verksemd, med pedagogikk som støttar opp om og bidreg til utviklinga og læringa til barn. Det vil seie at det skal vere gjennomtenkte planar for det arbeidet ein gjer. Barnehagen skal ha ein årsplan, og i tillegg skal det utarbeidast planar for kortare tidsrom og for ulike barnegrupper etter behov.

Tre barn og ein vaksen sit ved eit bilbaneteppe på golvet. Den vaksne gir det eine barnet ein raud bil. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innhaldet i barnehagen

Barnehagen skal ta vare på behovet til barn for omsorg og leik og fremje læring og danning. Leiken skal ha ein sentral plass i barnehagen. Leik er arena for utviklinga og læringa til barn, for sosial og språkleg samhandling. I barnehagen skal det vere rom for ulike typar leik både inne og ute.

Ein barnehagekvardag består av omsorg, trøyst, stell, påkleding, rettleiing, leik og aktivitetar, glede og humor. Dei fleste barnehagar har faste rutinar for barnehagekvardagen for å skape tryggleik for barna. Det kan vere faste rutinar for stell og hygiene, mat og måltid, leik, aktivitetar og kvile.

Kven jobbar i barnehagen?

Dei som jobbar direkte med barna, blir kalla grunnbemanninga. I grunnbemanninga inngår pedagogisk leiar, barne- og ungdomsarbeidar og andre med barnehageerfaring og/eller relevant utdanning. I tillegg kjem styrarar, personale til spesialpedagogisk hjelp og personale som gir styrkt norskopplæring.

Bemanninga i barnehagen skal vere tilstrekkeleg slik at personalet kan drive ei tilfredsstillande pedagogisk verksemd. Barnehagen skal minst ha éin pedagogisk leiar per 14–18 barn når barna er over tre år og éin pedagogisk leiar per 7–9 barn når barna er under tre år. Ifølgje § 17 a i barnehagelova skal pedagogisk leiar ha utdanning som barnehagelærar. Likeverdig med barnehagelærarutdanninga er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.

Barnehagen skal minst ha éin tilsett per tre barn når barna er under tre år og éin tilsett per seks barn når barna er over tre år. Barna blir rekna for å vere over tre år frå og med august det året dei fyller tre år.

Utfordringar til deg

  1. Kva betyr det at ein barnehage er ei pedagogisk verksemd?
  2. Kva er tilstrekkeleg bemanning i ein barnehage?
  3. Kva utdanning skal ein pedagogisk leiar ha?
  4. Finn ut kva ein familiebarnehage og ein open barnehage er.
  5. Finn ut korleis dagsrytmen er i ein barnehage.
Kjelder

Barnehagelova. (2005). Lov om barnehager (LOV-2005-06-17-64). Lovdata. https://lovdata.no/lov/2005-06-17-64

Barnehagepionerer. (u.å.). Barnehagen fra 1800 og fram til i dag. Henta 2. oktober 2020 frå https://www.hvl.no/om/barnkunne/barnehagen-fra-1800-til-i-dag/

Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver. (2017). Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver (FOR-2017-04-24-487). Lovdata. https://lovdata.no/forskrift/2017-04-24-487

Utdanningsdirektoratet. (2019). Utdanningsspeilet 2019. https://www.udir.no/tall-og-forskning/publikasjoner/utdanningsspeilet/utdanningsspeilet-2019/

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 02.10.2020

Læringsressursar

Barnehage, skule og SFO