Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk teknologi i naturbruk

Bli kjend med teknologi som blir nytta i naturbruk, og utfør eit oppdrag om teknologi for ein oppdragsgivar.
Ku som blir mjølka av ein mjølkerobot. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om oppgåvene

I desse oppgåvene skal du utforske døme på teknologi som blir nytta innan naturbruk. Du skal

  • finne ut kva som blir meint med teknologi

  • bli kjend med døme på teknologi frå utdanningsprogrammet ditt

  • utføre eit oppdrag der bruk av teknologi er sentralt

  • vurdere korleis teknologi kan bidra til at vi når berekraftsmåla til FN

  • gjennomføre eit møte med ein oppdragsgivar

Del 1. Kva er teknologi?

Når du skal finne ut kva teknologi er, kan du jobbe med læringsstien nedanfor. Her lærer du kva teknologi er, korleis teknologi har påverka oss opp gjennom historia, og kva utfordringar og moglegheiter teknologi kan gi oss i dag.

Kva er teknologi? (læringssti)

Del 2. Kva vil du jobbe med?

Når du går på naturbruk, har du mange moglegheiter og kan velje blant mange ulike yrke.

  • Set deg inn i ulike naturbruksyrke: Yrke innan naturbruk

  • Kva har du lyst til å bli? Kvifor?

  • Anten du har bestemt deg for eit yrke eller ikkje, vel du eit yrke som du tek utgangspunkt i når du jobbar vidare med denne oppgåva.

Del 3. Lag oppdrag for kvarandre eller bruk oppdrag frå verkelegheita

  1. Lag eit oppdrag som passar til yrket du har valt, eller få ein annan til å lage eit oppdrag for deg.

Døme på oppdrag frå Lektor 2-ordninga: Oppdragsbrev innan ulike tema

  1. Bruk oppdraga som inspirasjon og bygg vidare på dei, eller lag ditt eige tenkte oppdrag.

  2. Viss du lagar ditt eige oppdrag, kan du tenke på

  • at du bør ha ei beskriving av kva oppdraget går ut på (kva er bestillinga?)

  • at oppdraget bør dreie seg om bruk av teknologi i ei eller anna form

  • kven som er oppdragsgivar

Døme på teknologi i naturbruksyrka
  • rugemaskin

  • styring av lys og temperatur i terrarium og akvarium

  • mjølkerobot

  • eggsorteringsmaskin

  • klima- og produksjonsstyring i ulike fjøsar

  • fôringsutstyr til ulike dyr

  • motoriserte møkkskraparar

  • robotisering av innhausting

  • elektrifisering av maskinar

  • solceller til straumforsyning i bygningar eller monterte på maskinane

  • komposteringskonteinar

  • pulsmålarar med klokke, skrittemaskin, treningsmølle (med og utan vatn)

  • presisjonslandbruk og GPS-basert teknologi

  • digitale gjerde

  • app som kjenner att smerte hos hesten

  • kompostvendar

  • komposttrommel

  • metangassmålar

  • lausdrift (ku, hest)

  • rovdyrklave

  • skogsmaskinar

  • korn- og høytørkar

Del 4. Få oversikt over teknologien i yrket ditt

Set deg inn i oppdraget ditt, gå inn i ei eventuell rolle, og få oversikt over relevant teknologi. Viss du manglar informasjon, kan du gjere dine eigne antakingar.

Vel ein type teknologi som er relevant for å utføre oppdraget.

Del 5. Kor berekraftig er teknologien?

FNs berekraftsmål kan brukast som rettesnor når politikarar skal gjere vedtak og administrasjonen i kommunane skal utforme tenester. I denne oppgåva skal du undersøke korleis hjelpemiddelet du har valt, kan bidra til at vi når berekraftsmåla til FN.

Tips!

For å få oversikt over kva som ligg i berekraft, og for å bli betre kjend med berekraftsmåla til FN kan de gjennomføre aktiviteten Slumpord med berekraftsmåla til FN i klassen.

Del 6. Møte med oppdragsgivar – eit rollespel

Fristen for oppdraget begynner å nærme seg, og du vil førebu deg på å presentere det du har funne ut.

Du har utført eit oppdrag og skal presentere det. Andre i klassen kan spele oppdragsgivar.

Planlegg møtet

To personar snakkar saman. Den eine har papir og blyant. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebu dykk på å spele rolla de har fått, ved å bruke det de har funne ut i oppgåvene over.

Gjennomfør møtet

Når de er klare, gjennomfører de møtet med oppdragsgivaren som eit rollespel.

Den som har rolla som oppdragsgivar, førebur spørsmål som hen vil stille undervegs i møtet.

Lykke til med møtet!

Tips!

Gjennomføringa av møtet kan brukast som ei munnleg vurdering i naturfag og yrkesfagleg fordjuping.

Les gjerne artikkelen om vurdering av munnleg presentasjon.

Del 7. Oppsummering i klassen

Diskuter med andre i klassen.

  1. Korleis var det å spele dei ulike rollene?

  2. Kva fordelar og ulemper kan ny teknologi ha for

  • dykk som yrkesutøvarar?

  • forbrukaren?

  • samfunnet?

  • dyra?

  1. Kva erfaringar frå arbeidet med desse oppgåvene kan de ta med dykk ut i praksis / eit framtidig yrke?

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 06.10.2022

Læringsressursar

Utforsk teknologi og berekraft