Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lokal kamp om energi og areal

Kommunen din har kraftunderskot. Eit utanlandsk selskap AirCraft søkjer konsesjon om å få byggje vindkraftverk, men kommunen vil ikkje forhaste seg. Eit utval, der du er med, skal gjere eit grundig forarbeid med kartlegging av behov, konsekvensar og alternative strategiar.
Skjematisk skisse av kraftproduksjon og overføringsleidningar for el-energi. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forarbeid – kartlegging

Før de kan planleggje moglege løysingar for energiproblemet i kommunen, må de få ei oversikt over situasjonen. Kartlegg forbruk og behov, innbyggjartal og kva som finst av kraftproduksjon i kommunen. Opplysningar om alderen til eksisterande kraftverk, vindturbinar og overføringslinjer er også nyttige i det vidare arbeidet.

Sjekk om det eksisterer andre konsesjonssøknadar på kraftverk, fjernvarmeanlegg og vindturbinar, eller planar om restaurering av eldre anlegg og overføringslinjer.

Drøfting – idédugnad

Drøft følgjande spørsmål og list opp aktuelle alternativ før de jobbar med konkrete planar:

  • Kva konsekvensar har kraftunderskotet for kommunen?
  • Kva interessekonfliktar kan de forvente om vindkraftverket blir ein realitet?
  • Kva interessekonfliktar kan de forvente av alternative løysingar?
  • Korleis kan de løyse problemet?

Rapporten

  • I rapporten som de skal leggje fram for kommunestyret, må de først presentere kva de fann under kartlegginga av forbruk, framtidig behov, anlegg og planar i kommunen.
  • Gruppa skal leggje fram eitt forslag (eventuelt to alternative forslag) til løysing. Det må vere konkrete tiltak. Bruk skisser på kart eller bygg ein modell der de eventuelt vil plassere anlegg.
  • Kan de anslå kor mykje energi kvart av tiltaka de foreslår, vil gi til kommunen?
  • Konsekvensutgreiing: De må også belyse korleis tiltaket dykkar vil berøre natur, friluftsliv, folkehelse, næringsliv, grunneigarar og arealbruk.
CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2020

Læringsressursar

Utforsk teknologi og berekraft