Polare molekyl – ladningen er ujamt fordelt
Når atom trekkjer ulikt på elektronparet i ei binding, oppstår det ladingsforskjellar. Bindinga som held atoma saman, blir kalla polar kovalent binding.
På denne måten kan eit molekyl få ein del som er delvis positivt ladd og ein del som er negativt ladd. Dette vil vere eit polart molekyl. Vi kallar slike molekyl dipolar.
Legg merke til at eit molekyl kan vere upolart på utsida, sjølv om det er polare bindingar på innsida i molekylet:
har polare kovalente bindingar mellom oksygen og karbon. Trass i dette så er molekylet upolart på utsida. Ladingane på innsida i molekylet ligg slik i forhold til kvarandre, at dei opphevar kvarandre.
I HCl er det polar kovalent binding mellom klor og hydrogen. Dette gir ein negativ ende der vi finn klor-atomet og ein positiv ende der vi har hydrogen-atomet. HCl er eit polart molekyl.
Er molekylet polart? Undersøk om det har
- minst éi polar kovalent binding – finn forskjellen i elektronegativitet mellom atoma i molekylet
- ei form som gjer at ladingane internt i molekylet ikkje opphevar kvarandre – bruk elektronprikk-struktur og VSPER-modellen til å føreseie forma til molekylet