Kva bestemmer forma til molekyla?
I denne oppgåva skal du undersøke kva som bestemmer kva form molekyl har. Dette er nyttig å kjenne til når du seinare skal undersøke eigenskapane til ulike stoff.
Bruk simuleringa under når du jobber med disse oppgavene.
Start med valet "Modell" på oppstartssida.
Skildre kva som skjer når du legg til bindingar og ledige elektronpar.
Kva trur du vi meiner med "ledig elektronpar"?
Bygg eit molekyl som består av tre atom og eitt ledig elektronpar. Hak av for vala "molekylgeomteri" og "elektrongeomteri".
Kva oppdagar du?
Kan du ut frå dette seie noko om skilnaden på molekylgeometri og elektrongeometri?
Ta tak i eit atom eller eit ledig elektronpar, og forsøk å flytte det rundt.
Kva oppdagar du?
Kvifor "oppfører" atoma og elektronpara seg slik, trur du?
Bruk simuleringa eller eit molekylbyggesett som støtte undervegs.
Når du jobbar med oppåvene, kan du bla fram og tilbake i sidene under. Det du skriv inn i denne oppgåva, kan du eksportere til ei eiga fil på siste side.