Periodesystemet
Periodesystemet
Alle grunnstoff har eit atomnummer som svarer til talet på proton i atomkjernen. I periodesystemet er grunnstoffa ordna etter aukande atomnummer. Når vi les bortover i tabellen, aukar atomnummeret med éin for kvart stoff.
Periodesystemet er nyttig når vi jobbar med stoff og reaksjonar, fordi det gir oversikt over eigenskapane til grunnstoffa og gjer at vi kan samanlikne likskapar og forskjellar mellom ulike grunnstoff. Når vi skjønner systemet i periodesystemet, treng vi ikkje å pugge eigenskapane til kvart enkelt grunnstoff.
Kva er grupper i periodesystemet?
Grunnstoffa som står i same kolonne nedover, utgjer ei gruppe. Stoffa i same gruppe har liknande eigenskapar. Gruppene har nummer frå 1 til 18. Det siste sifferet i gruppenummeret svarer til talet på elektron grunnstoffet har i det ytste skalet. Denne informasjonen kan du bruke til å føreseie korleis dette stoffet reagerer med andre stoff.
Døme
Magnesium står i gruppe 2. Det betyr at magnesiumatom har to elektron i ytste skal.
Oksygen står i gruppe 16. Det betyr at oksygenatom har seks elektron i ytste skal.
Med åtteregelen kan vi dermed føreseie at magnesium og oksygen kan reagere med kvarandre ved at magnesium gir frå seg to elektron til oksygen. Begge vil ende opp med åtte elektron i ytste skal, og åtteregelen er oppfylt.
Nokre grupper har eigne namn
Nokre av gruppene har eigne namn som kan gi informasjon om eigenskapane til stoffa i denne gruppa.
Gruppe | Namn | Eigenskap |
---|---|---|
1 | alkalimetalla | reagerer basisk (alkalisk) |
2 | jordalkalimetalla | reagerer basisk (alkalisk) |
3–12 | innskotsmetall | er metall |
17 | halogena | dannar salt (frå gresk halos, "salt", "gen", "danne") |
18 | edelgassane | gassar som i svært liten grad reagerer med andre stoff |
Kva er periodar i periodesystemet?
Grunnstoff som står i same vassrette rad, utgjer ein periode. Stoffa i same periode har same tal på elektronskal, og nummeret på perioden er det same som talet på skal.
Døme:
Hydrogen står i periode 1 og har eitt elektronskal.
Kalsium står i periode 4 og har fire elektronskal.
Kvar finn vi metall og ikkje-metall?
Periodesystemet gir òg informasjon om grunnstoffa er metall, ikkje-metall eller halv-metall. Metalla står til venstre og utgjer størsteparten av grunnstoffa. Ikkje-metalla står heilt til høgre, og halv-metalla ligg mellom metall og ikkje-metall.
Relatert innhald
Kjelder
Pedersen, B. (2021, 27. desember). Periodesystemet. I Store norske leksikon. http://snl.no/periodesystemet
Universitetet. (u.å.). Periodesystemet. Henta 7. mars 2023 frå https://www.periodesystemet.no/