Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Flyktningleiren

Året er 2050. Du jobbar som frivillig i ein flyktningleir for klimaflyktningar. Flyktningane ventar på å få reise nordover, men ingenting skjer. Fleire har gitt opp og har forlate leiren. Det har ikkje komme forsyningar på ein månad. Ein dag oppdagar de at leiaren for leiren har forsvunne ...

Situasjonen

Du jobbar saman med ein gjeng frivillige i ein liten leir for klimaflyktningar utanfor Croissanville i Nord-Frankrike. På kartet kan du sjå kor Croissanville ligg og få ei kort orientering om situasjonen ved andre relevante stader.

Vaksne og barn ventar på å få reise nordover, til nye heimar i dei gode jordbruksområda langt mot nord. Mange håper å komme til Murmansk, med det behagelege klimaet og den friske sjølufta.

Men mange har vore lenge i leiren no utan at noko ser ut til å skje. Det er uro i området, og dei opplever stadig at det er problem med å få fram forsyningar.

Det har gått 14 dagar sidan sist dei fekk forsyningar. Det byrjar å bli lite vatn, straum, mat. Leiaren for flyktningleiren har ikkje vore å sjå på 5 dagar ...

Oppdrag

De som jobbar som frivillige samlast på kontoret i leiren for å leggje ein plan: Korleis skal de få kontroll på situasjonen?

Oppgåve

Ta utgangspunkt i diskusjonen over og lag ei prioritert liste over kva som er viktigast å få gjort først i flyktningleiren.

Løys oppdraget

Oppgåve

Vel eitt (eller fleire) tiltak i lista de laga over. (Vel til dømes det de prioriterte høgast eller det som er mest relevant for utdanningsprogrammet dykkar).

Bruk informasjonen de har om leiren, gjer vurderingar og legg eigne planar. Viss de manglar informasjon om noko, legg til eigne føresetnader.

Legg ein plan for korleis de skal angripe problemet. Planen bør innehalde:

  • ei konkret beskriving av problemet
  • kvifor det er eit problem
  • kva vi kan om dette frå før
  • korleis det kan løysast
  • ein plan for å løyse problemet
  • gjennomføre planen

Dokumentasjon

Heile prosessen skal dokumenterast. Dokumentasjonen skal utformast som ein rapport eller presentasjon for den lokale representanten for UNHCR. Dette kan til dømes gjerast med tekst, bilete og video.

TIPS!

Viss de finn ut at de vil prioritere å jobbe med vassforsyninga i leiren, så kan de ta utgangspunkt i den interaktive ressursen "Vasskrise i leiren".

Relatert innhald

Kilder

Wikipedia (2019) Refugee camp

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 04.12.2019

Læringsressursar

Føkk fossils II – tipping point