Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Reins vatnet

Du fann mange nyttige gjenstandar på lageret, men kan dei brukast til å reinse vatn? Vel ut dei gjenstandane du trur er mest nyttige og lag ei prioritert liste.

Legg ein plan for korleis du vil gjennomføre vassreinsinga

  1. Bruk det utstyret du har vald over og lag vassfilteret ditt.
  2. Finn vatn som du vil reinse i ein søledam eller ein annan stad der vatnet er synleg forureina. Lag eventuelt ditt eige sølevatn.
  3. Viss du ikkje får dei resultata du hadde håpa på, kan du gjere justeringar på filteret ditt.

Vurder vasskvaliteten

  1. Vurder kvaliteten på det reinsa vatnet. Nokre vanlege parameterar ein undersøkjer er:

    • pH
    • lukt
    • innhald av bakteriar og virus
    • farge
  2. Finn ut kva slags informasjon dei ulike parameterane kan gi om vatnet.
  3. Kva for parameterar trur du er viktigast å undersøkje?
  4. Viss du skal undersøkje innhald av bakteriar, kan du dryppe nokre dropar av vatnet på agar i ei petriskål. Agar er ein slags buljonggelé som fungerer som næring for bakteriar. Viss det er bakteriar i vatnet, vil du sjå at dei veks og dannar koloniar på agaren.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 08.11.2019

Læringsressursar

Føkk fossils II – tipping point