Podkast: Assistert befruktning – hele historien
Bioteknologirådet lagar podkasten Biotekpodden. Episoden "Assistert befruktning – hele historien" fortel historia om kampen for å bli foreldre, som omfattar alt frå skam og hemmeleghald til medisinske gjennombrot.
Lytt til podkasten Biotekpodden
Spørsmål til podkasten
- Forklar omgrepet assistert befruktning.
- Når blei det første prøverørsbarnet i Noreg fødd?
- Kva er dobbeldonasjon? Er dette lov i Noreg?
- Har alle moglegheit til å få assistert befruktning? Kva med lesbiske, homofile og einslege mødrer?
- Lag ei tidslinje som illustrerer viktige vendepunkt og utviklinga av haldningar knytte til ufrivillig barnløyse frå 1947 og fram til i dag.
- Kvifor trur du regjeringa innsåg at det var behov for ei bioteknologilov?
- Korleis er debatten om assistert befruktning relevant i dag?
- Meiner du det er ein menneskerett å få barn? Grunngi svaret ditt.
Relatert innhald
Nettside hos lovdata.no
CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 07.12.2020