Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bokstavkonkurranse – bli betre kjende

Bli betre kjend med dei andre i klassen ved å gjennomføre ein bokstavkonkurranse. Del inn i lag, bruk fantasien, tenk fort, og slå dei andre laga!
Glade elevar sit rundt eit bord og jobbar saman. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om aktiviteten

I denne aktiviteten skal elevane skrive opp flest mogleg naturfags-/biologiord på eit visst tal minutt. Aktiviteten eignar seg godt som bli-kjend-øving tidleg i skuleåret eller som oppstart på gruppearbeid elles i året.

Til læraren
  • Viss du vil setje saman tilfeldige lag, bør du på førehand tenkje gjennom korleis du skal organisere dette.

  • Alle laga må ha tilgang til skrivesaker.

Framgangsmåte

  1. Del inn klassen i lag beståande av fire elevar.

  2. Når laget er samla, gir kvar elev ein kort presentasjon av seg sjølv. De kan på førehand bli einige om kva eleven skal fortelje (namn, favorittserie, bustad og liknande).

  3. Når alle har presentert seg, skal laget finne ein bokstav som dei på ein eller annan måte har til felles. Det kan til dømes vere ein bokstav som alle har i namnet sitt.

  4. Når laga er klare, gir læraren følgjande beskjed: "No har de fem minutt til å skrive ned flest mogleg naturfags-/biologiord som begynner med bokstaven til laget!"
    NB! Ingen hjelpemiddel er tillatne.

  5. Laget diskuterer og skriv ned orda på arket dei har fått utdelt.

  6. Når tida er ute, les laga etter tur opp orda dei har funne. Viss eit lag har skrive opp ord som ikkje heilt opplagt høyrer til naturfag/biologi, kan læraren be dei argumentere for at det er eit naturfags-/biologiord.

  7. Laget som har funne flest godkjende ord, har vunne. Kanskje får dei ein premie?

Variantar av konkurransen

  • Læraren bestemmer kva bokstav alle skal bruke.

  • Vinnarlaget er det laget som har flest ord dei er åleine om.

  • Orda må kunne koplast til eitt av kompetansemåla i læreplanen for å bli godkjende.

  • Orda må vere faguttrykk.

  • Lat elevane få lengre eller kortare tid til å skrive ned ord.

  • Vel nye bokstavar og spel fleire rundar.

  • Bruk aktiviteten som eit avbrekk, som oppsummering etter eit tema eller liknande.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 05.08.2021

Læringsressursar

Elevaktive arbeidsformer