Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Terningspel

Øv på fagstoff ved å la terningen bestemme kva du skal få spørsmål om.
Ein terning med spørjeteikn på den eine sida. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Om terningspelet

Dette spelet eignar seg som repetisjon etter at ein har jobba med eit tema. Elevane jobbar saman i små grupper og stiller kvarandre spørsmål frå eit spørsmålsark. Deretter bruker dei eit løysingsforslag for å vurdere svara til kvarandre og gir kvarandre poeng etter kor godt dei svarer.

Førebuingar

Lag og skriv ut ark med spørsmål, løysingsforslag og poengskjema. Kvar gruppe får eitt sett med ark.

Kvar gruppe får delt ut

  • spørsmålsark

  • ark med løysingsforslag

  • poengskjema

  • terning med seks sider

Slik speler de

  1. Elevane sit i grupper på tre. Viss dette ikkje går opp med talet på elevar i gruppa, kan to elevar spele saman på nokre grupper.

  2. Alle kastar terningen etter tur. Den som får det høgast talet på auge, startar spelet.

  3. Den som startar, kastar først terningen éin gong.

  4. Talet på auge på terningen svarer til eit spørsmål på spørsmålsarket. Viss du til dømes får fire på terningen, svarer dette til spørsmål fire på spørsmålsarket.

  5. Dei spelarane som ikkje har turen sin, les opp spørsmål og bruker løysingsforslaget til å vurdere svaret frå den som svarer. Gi null, eitt eller to poeng alt etter kor godt de vurderer svaret til å vere.

  6. Same spelar som starta, skal no kaste terningen for andre gong og legge saman talet på auge i dei to kasta. Summen av talet på auge bestemmer kva spørsmål spelaren skal få.

    Døme: Ein spelar kastar fire i første kast og fem i andre kast, til saman ni. Spelaren skal altså svare på spørsmål nummer ni.

  7. Same spelar skal kaste terningen ein tredje gong og legge til talet på auge frå dei to tidlegare kasta. Spelaren skal svare på det spørsmålet som svarer til summen av desse tre kasta.

    Døme: Ein spelar som har kasta fire, fem og to har dermed kasta elleve til saman, og skal derfor ha spørsmål elleve.

  8. Når denne spelaren har svart på sitt tredje spørsmål og fått poeng, går turen til neste spelar.

  9. Når alle har fått tre spørsmål kvar, startar ein ny runde. Når de kastar terningen no, byrjar de å telje på nytt.

  10. Spel tre rundar. Kven får flest poeng?

Tips!

  • I dette spelet er det gode moglegheiter for repetisjon. Sjølv om ein spelar får eit spørsmål som er stilt tidlegare, skal hen svare på dette. Her gjeld det å få med seg kva andre spelarar svarer på spørsmåla sine òg.

  • Etter at de har spelt, kan de ta ein runde der de går gjennom dei spørsmåla som ingen fekk i løpet av spelet.

Ferdige terningspel

Bruk dei ferdige spela under, eller lag eigne tilpassa det de jobbar med.

Stråling og radioaktivitet

Filer

Næringsstoff

Filer

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2023

Læringsressursar

Elevaktive arbeidsformer