Laga modell frå start til slutt
Bakgrunnsinformasjon til oppgåva
Det nærmar seg eksamen, og du diskuterer karakterar med nokre klassekameratar. Ein av dei, som nesten alltid får toppkarakterar, seier at foreldra legg press på hen. Du lurer på korleis det er å ha sånne foreldre.
Etter å ha tenkt litt kjem du fram til at spørsmålet nok er litt meir komplisert enn berre kva slags foreldre du har: Det er mange ting som speler inn.
Du bestemmer deg for å lage ein modell for å systematisere tankane dine og for å teste følgjande påstand: «Vil meir press frå foreldra mine gjere at eg får betre karakterar?»
På karaktersamtalane med faglæraren din snakkar de òg om kva som skal til for at du skal kunne gjere det endå betre i faget: resultat på skriftlege prøver, munnlege presentasjonar og innleveringar.
Det er kjekt å vite, men kva påverkar kor bra du gjer det i kvar av desse vurderingssituasjonane? Ja, press frå foreldra dine er heilt klart ein del av biletet. Men kva med uthald og sjølvtillit? Du kjem sikkert på andre ting òg.
Du er verkeleg motivert for å gjere det betre på skulen og bestemmer deg for å undersøkje korleis press frå foreldra dine sannsynlegvis vil påverke kor godt du gjer det på skulen.
Oppgåve
Lag ein graf med «Press frå foreldre» på x-aksen og «Terminkarakter» på y-aksen. Teikn ei kurve som viser korleis du trur større press frå foreldre vil påverke terminkarakteren din.
Oppgåve
Opne modellen: Kva påverkar karakterane mine? på concord.org.
Modellen består av variablar som blir brukte i vurderingsgrunnlaget når læraren din skal setje terminkarakter, i tillegg til tre andre variablar som kan vere med på å påverke kva karakter du endar opp med: press frå foreldre, tida du bruker på skulearbeid, og sjølvtillit.
Utfordringa di er å gjere ferdig modellen ved å lage koplingar mellom variablar som påverkar kvarandre, og avgjere på kva måte dei påverkar kvarandre. Kanskje må du i tillegg leggje til andre variablar enn dei som allereie er i modellen?
Når du er nøgd med modellen, køyrer du ei simulering for å teste ho.
- Beskriv korleis resultatet av simuleringa passar med gjettinga du gjorde heilt i starten.
- Kva synest du? Hjelper resultatet av simuleringa deg med å svare på spørsmålet «Vil meir press frå foreldra min hjelpe meg til å få betre karakterar?»?
Viss resultatet av simuleringa ikkje liknar på det du antok først: Kvifor trur du det vart slik?
- Gjettinga eg gjorde i starten, var feil.
- Modellen er bygd opp feil (variablane eg valde, og koplingane mellom dei, var feil).
Forklar.
- Føreslå korleis modellen kan endrast slik at han gir resultat som passar betre med gjettinga di.
Denne ressursen er ein omarbeidd versjon av https://authoring.concord.org/sequences/406/activities/8041/97fb061b-cd86-46a3-a2b7-d86e8ca248fb