Introduksjon til modellar i SageModeler
Forskarar bruker ofte modellar for å få hjelp til å svare på spørsmål og for lettare å kunne forstå ulike fenomen. Samtidig er modellar noko vi alle brukar til dagleg, ofte utan at vi er klar over det.
Modellar i daglegliv og forsking
Oppgåve 1
Diskuter med ein medelev: I kva samanhengar i dagleglivet bruker vi datamodellar?
Oppgåve 2
Vel ein av datamodellane de diskuterte, og beskriv korleis modellen blir brukt av forskarar, ingeniørar og "mannen i gata", som deg sjølv.
Bruk ein datamodell med SageModeler
Oppgåve 3
Bruk modellen Temperatur på bussen.
Beskriv samanhengen mellom "varme som slepp ut av bussen" og "total varme i bussen" (blå pil) i denne modellen.
Oppgåve 4
Set opp ein hypotese som du kan undersøkje ved å bruke denne modellen.
Denne ressursen er ei omarbeidd utgåve av Introduction to Modeling.
CC BY-NC-SASkrive av Steve Roderick og Dan Damelin. Rettshavarar: The Concord Consortium og CREATE for STEM Institute, MSU
Sist fagleg oppdatert 29.01.2020