Simulering og testing
Føresei korleis modellen verkar
Temperaturen i ein buss blir bestemd av mange faktorar. Figuren over viser nokre av dei og moglege samanhengar mellom dei.
Oppgåve 1
Formuler ein hypotese, og prøv å føreseie noko om varmen i bussen. Både hypotesen og føreseiinga må vere baserte på modellen og gi svar på det sentrale spørsmålet: «Kvifor er det så varmt i bussen når sola skin?»
Formuler hypotesen med denne forma: Dersom … så …
Døme:
Du trur at talet på opne vindauge påverkar temperaturen i bussen når sola skin. Då kan du formulere hypotesen slik:
Dersom fleire vindauge på bussen blir opna, så vil temperaturen i bussen …
Oppgåve 2
Fullfør hypotesen over. Ver så presis som mogleg når du føreseier kva som vil skje med temperaturen.
Oppgåve 3
Formuler ein annan dersom-så-hypotese om temperaturen i bussen. I denne hypotesen skal du ikkje ha med ei endring i talet på opne vindauge.
Oppgåve 4
Lag ein graf med «Temperatur i bussen» på y-aksen, og på x-aksen har du hypotesen du laga i oppgåve 3.
Teikn inn ei kurve som viser korleis du trur temperaturen i bussen vil endre seg.
Denne ressursen er ei omarbeidd utgåve av https://authoring.concord.org/sequences/406/activities/8040/711d6189-5895-4058-968e-ec45241d6241