Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1)
Felles programfag saman med:Forretningsdrift (SR-SSR vg1)ogKultur og samhandling (SR-SSR vg1)
Innovasjon
Nytenking, kreativitet og berekraft er viktig når du utarbeider ein forretningsidé. Innovasjon er meir enn nye produkt. Det kan vere nye produksjonsmetodar eller å ta i bruk nye råvarer eller distribusjonsformer. Det kan også vere å introdusere eit produkt til nye marknader.
Forretningsidé
Har du nokon gong fått ein fantastisk idé til ei vare eller teneste som du vil lage og tene pengar på? Det kan vere så spennande at du gjerne vil starte med ein gong! På same tid veit du nok at det er lurt å planleggje og stille ein del spørsmål først.