GAME – gateidrett for ungdom - Marknadsføring og innovasjon (SR-SSR vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

GAME – gateidrett for ungdom

Organisasjonen Game i Danmark har i 18 år drive eit tilbod retta mot uorganisert ungdom. I Game får dei unge sjølve vere med og bestemme kva dei skal gjere. Game driv urbant ungdomsarbeid i 17 kommunar i Danmark og tilbyr aktivitetar som parkour, street dance, street art, yoga og mykje, mykje meir.

Kva er GAME?

GAME er ein ideell organisasjon som sidan 2002 har jobba for å skape varige sosiale endringar for ungdom gjennom gateidrett leidd av dei unge sjølve. Game lærer opp unge til å bli leiarar og rollemodellar innanfor gateidrett, og etablerer nyskapande konsept. Mellom anna har dei teke i bruk gamle industrihallar og gjort dei om til GAME Streetmekka, ein stad der dei unge kan dyrke gateidretten innandørs året rundt. Her held dei mellom anna på med streetbasket, gatefotball, dans, parkour og yoga. I GAME Streetmekka København kan barn og unge både trene på eiga hand og delta på opne treningar.

Oppgåve

Kommunen ser på moglegheitene for å opprette eit liknande tilbod for barn og unge på heimstaden dykkar. Dei treng hjelp til å utforme sjølve forretningsideen, og har bede dykk om hjelp til å lage ein forretningsmodell ved bruk av Business Model Canvas.

Utstyr

  • mobilkamera
  • plakatar
  • post-it-lappar

Framgangsmåte

  • Jobb i grupper på tre eller fire.
  • Gå inn på nettsida til Game (engelsk versjon) og gjer dykk kjende med konseptet.
  • Gå ein tur på heimstaden dykkar og sjå etter eigna lokale. Ta bilete de kan bruke i modellen dykkar.
  • Bruk Business Model Canvas til å utforme eit forslag til ein konkret forretningsmodell.
  • Ver kreative, og legg eigne føresetnader til grunn.
  • Presenter forretningsmodellen for dei andre i klassa.
  • Heng alle modellane på veggene i klasserommet og studer forslaga frå alle gruppene.
  • Diskuter i fellesskap og bli samde om kva for forslag som er dei beste.
  • Lag ein felles modell og send han til barne- og familieetaten i kommunen.

Refleksjon

  • På kva måte kan dette prosjektet føre til berekraftig utvikling og vekst på heimstaden dykkar?

Relatert innhald

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2020