Oppgave
Vurdere forretningsidear
I denne oppgåva skal du lage og vurdere forretningsidear.
- Søk på nettet etter forretningsidear. Vel ut ein du synest ser interessant ut. Vurder så forretningsideen. Er det noko du synest manglar i forretningsideen? Svarer forretningsideen på desse spørsmåla?
- Kva for behov skal bedrifta tilfredsstille?
- Kva for produkt skal bedrifta tilby?
- Kven skal kjøpe produkta?
- Kva for geografisk verkeområde skal bedrifta operere i?
- Kvifor skal kundane kjøpe produkta til bedrifta?
- På kva måte skal bedrifta tene pengar ved å tilby dette produktet? Korleis skal bedrifta nå dei overordna måla sine?
- Bruk den same forretningsideen du fann i oppgåve 1.
Diskuter forretningsideen. Er han berekraftig? Kan du tenkje ut eit meir berekraftig produkt? Kan produktet til dømes framstillast i eit meir haldbart materiale, slik at det varer lenger og dermed er meir berekraftig?
Lag eit forslag til ein ny forretningsidé.