Hopp til innhald
Øving

Presens perfektum (1)

Presens perfektum er den vanlegaste fortidsforma i tysk. Særleg i munnleg tysk bruker vi nesten berre presens perfektum når vi snakkar om noko som har hendt eller noko vi har gjort. Her øver du på bruken av presens perfektum i tysk.

Form

Presens perfektum er ei verbform som uttrykker fortid. Ho er sett saman av eit hjelpeverb (haben eller sein) i presens og eit hovudverb i perfektum partisipp:

  • Ich habe gesungen. Eg har sunge.

  • Er ist gekommen. Han er/har komme.

Hjelpeverbet i presens blir bøygd i person og tal. Dette kjenner du òg frå engelsk (have/has sung, have/has come).

Perfektum partisipp må stå heilt sist i forteljande setningar og spørjesetningar i tysk. Her skil tysk seg frå norsk og engelsk:

  • Er hat Tennis gespielt. Han har spelt tennis. He has played tennis.

  • Hast du noch nie Golf gespielt? Har du aldri spelt golf før? Have you never played golf before?

Øving 1: Perfektum partisipp

Bruk av presens perfektum

Både presens perfektum og preteritum i tysk beskriv noko som allereie har hendt.

Munnleg tysk

I munnleg tysk bruker vi til vanleg presens perfektum. Preteritum blir berre føretrekt ved nokre få verb (haben, sein og modale hjelpeverb):

  • Er ist schon am Montag nach Bergen gefahren. Han drog til Bergen allereie på måndag.

  • Wann hast du ihn getroffen? Når trefte du han?

  • Er hatte am Montag Geburtstag. Han hadde bursdag på måndag.

  • Wo warst du denn letztes Wochenende? Kvar var du sist helg?

  • Er musste kurz telefonieren. Han måtte ta ein rask telefon.

I formelle munnlege situasjonar er det vanleg å bruke preteritum, for eksempel i nyheitssendingar og offisielle talar.

Skriftleg tysk

I skriftleg tysk er preteritum den vanlege fortidsforma. Preteritum blir for eksempel brukt i forteljingar, rapportar, referat og avisartiklar.

Obligatorisk presens perfektum

I både norsk og tysk bruker vi alltid presens perfektum når ei handling ikkje ligg langt tilbake i tid og dessutan påverkar det som skjer no:

  • Die Kinder haben den Tisch gedeckt. Jetzt können wir essen. Barna har dekt bordet. No kan vi ete.

  • Habt ihr die Hausaufgaben gemacht? Dann könnt ihr jetzt Fußball spielen. Har de gjort leksene? Då kan de spele fotball no.

  • Du bist aber sauer! Hast du schlecht geschlafen? Så sur du er! Har du sove dårleg?

Ein viktig forskjell mellom norsk og tysk

I norsk bruker vi presens perfektum òg om ei handling eller ein prosess som byrja i fortida og som varer ved:

  • Han har spelt fotball i to år (og han speler framleis).
  • Her har det regna sidan måndag (og det regnar framleis).

Det kan vi ikkje i tysk, for i tysk signaliserer presens perfektum alltid at handlinga er avslutta. Vil vi fortelje om noko som byrja i fortida og som framleis varer, må vi bruke presens. Det er tidsuttrykket som fortel kor lenge ein aktivitet eller prosess har halde fram.

  • Er spielt seit zwei Jahren Fußball. (Han har spelt fotball i to år, og han speler framleis.)

  • Hier regnet es schon seit Montag. (Her har det regna sidan måndag, og det regnar framleis.)

Øving 2: Presens eller presens perfektum?

Regelrette verb i presens perfektum

Perfektum partisipp av regelrette verb dannar vi slik: ge- + verbstamme + -t: gehört, geliebt, gesagt osv.

Dersom stammen endar på -d eller -t, som i bad-en og arbeit-en, får verbet ein ekstra -e- mellom stamme og ending: gebadet, gearbeitet.

hören

baden

arbeiten

ich

habe gehört

habe gebadet

habe gearbeitet

du

hast gehört

hast gebadet

hast gearbeitet

er, sie, es

hat gehört

hat gebadet

hat gearbeitet

wir

haben gehört

haben gebadet

haben gearbeitet

ihr

habt gehört

habt gebadet

habt gearbeitet

sie, Sie

haben gehört

haben gebadet

haben gearbeitet

For språknerdane: Ge- er eit prefiks (ei forstaving), og t-en til slutt kallar vi for suffiks (ei ending).

Øving 3: Regelrette verb

Gjer øvingane. Omsett dessutan eksempelsetningane til norsk.

Øving 4: Munnleg trening av regelrette verb

Uregelrette verb i presens perfektum

Perfektum partisipp av uregelrette verb dannar vi slik: ge- + verbstamme + -en: gelesen, gesungen, gesprochen.

Verbstammen av partisippet har ofte ein annan vokal enn i infinitiv: singen – gesungen, sprechen – gesprochen, schreiben – geschrieben.

lesen

sprechen

singen

ich

ich habe gelesen

ich habe gesprochen

ich habe gesungen

du

du hast gelesen

du hast gesprochen

du hast gesungen

er, sie, es

hat gelesen

hat gesprochen

hat gesungen

wir

haben gelesen

haben gesprochen

haben gesungen

ihr

habt gelesen

habt gesprochen

habt gesungen

sie, Sie

haben gelesen

haben gesprochen

haben gesungen

Øving 5: Ti uregelrette verb

Øving 6: Regelrett eller uregelrett verb?

Haben som hjelpeverb

Dei fleste verba tar haben som hjelpeverb i presens perfektum, berre nokre få verb tar sein.

Når verbet kan ta eit direkte objekt, får det alltid haben i presens perfektum:

  • Ich habe ein Motorrad gekauft. (direkte objekt: ein Motorrad)

  • Wir haben ein Lied gesungen. (direkte objekt: ein Lied)

Sein som hjelpeverb

Ein del tyske verb tar sein som hjelpeverb i presens perfektum. Til denne gruppa høyrer

  1. verb som uttrykker ei form for rørsle
  2. verb som uttrykker ein overgang eller prosess
  3. verba sein, werden og bleiben

Verba sein, werden og bleiben

Desse tre verba får sein som hjelpeverb i presens perfektum. Du treng dei ofte!

  • Wir sind in Japan gewesen. Vi har vore i Japan.

  • Sie ist Ärztin geworden. Ho har blitt lege.

  • Er ist zu Hause geblieben. Han har blitt igjen heime.

sein

werden

bleiben

ich

bin gewesen

bin geworden

bin geblieben

du

bist gewesen

bist geworden

bist geblieben

er, sie, es

ist gewesen

ist geworden

ist geblieben

wir

sind gewesen

sind geworden

sind geblieben

ihr

seid gewesen

seid geworden

seid geblieben

sie, Sie

sind gewesen

sind geworden

sind geblieben

Rørsleverb

Verb som uttrykker ei form for rørsle, får sein (å vere) som hjelpeverb i presens perfektum.

Eksempel på rørsleverb er gehen, kommen, reisen, fliegen, laufen, schwimmen, fallen, springen.

  • Ich bin nach Berlin gefahren. Eg har/er reist til Berlin.

  • Er ist nach Hause gegangen. Han har/er gått heim.

Overgangsverb

Verb som uttrykker ein overgang frå éin tilstand til ein annan, får sein som hjelpeverb.

Døme på overgangsverb er wachsen (å vekse, auke), aufwachen (vakne), einschlafen (sovne), passieren (skje, hende), geschehen (skje, hende), gelingen (å lykkast), sterben (å døy), explodieren, verschwinden.

  • Was ist hier geschehen? Kva har skjedd her?

  • Wann bist du heute aufgewacht? Når vakna du i dag?

  • Mein Hund ist leider gestorben. Hunden min døydde dessverre.

  • Das Experiment ist nicht gelungen. Eksperimentet har mislykkast.

Øving 7: haben og sein som hjelpeverb (1)

Gjer øvingane. Omsett dessutan setningane og verba i øvingssekvensen munnleg til norsk.

Øving 8: haben og sein som hjelpeverb (2)

Gjer øvingane. Omsett alle setningane munnleg til norsk.

Øving 9: Munnleg trening av presens perfektum

Jobb gjerne i par når de gjer denne øvinga. Éin les setninga i presens, den andre gjer om til presens perfektum. Neste kort: Byt roller!

Øving 10: Øv på å bøye a verbo!

Her er ei øving for deg som vil ha litt ekstra utfordringar. Jobb gjerne i par og høyr kvarandre.

Når du bøyer eit verb a verbo, nemner du

  • infinitiv
  • tredje person eintal presens
  • tredje person eintal preteritum
  • tredje person eintal presens perfektum

Eksempel: kommen – (er) kommt – (er) kam – (er) ist gekommen

Og kva med ein liten konkurranse til slutt? Eitt poeng per kort. Den med flest poeng vinn. Her er det ikkje lov å bruke tipsa!

CC BY-SA 4.0Skrive av Anna Maria Holvik og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 11.12.2019