Kva for typar verb har vi?
Vi deler verba inn i to grupper etter måten dei blir bøygde på: regelrette (svake) verb og uregelrette (sterke) verb.
Regelrette verb
Regelrette verb har (nesten alltid) same stammevokal i alle verbtider. I eksempelverba nedanfor er stammevokalen utheva:
Infinitiv | Presens | Preteritum | Presens perfektum |
---|---|---|---|
(zu) hören | (er, sie, es) hört | (er, sie, es) hörte | (er, sie, es) hat gehört |
(zu) lernen | (er, sie, es) lernt | (er, sie, es) lernte | (er, sie, es) hat gelernt |
Uregelrette verb
Uregelrette verb har skiftande stammevokal i dei ulike verbtidene. I eksempelverba nedanfor er stammevokalen utheva:
Infinitiv | Presens | Preteritum | Presens perfektum |
---|---|---|---|
(zu) singen | (er, sie, es) singt | (er, sie, es) sang | (er, sie, es) hat gesungen |
(zu) schreiben | (er, sie, es) schreibt | (er, sie, es) schrieb | (er, sie, es) hat geschrieben |
(zu) fahren | (er, sie, es) fährt | (er, sie, es) fuhr | (er, sie, es) ist gefahren |
Hören, lernen, singen, schreiben: Omsett verba til norsk og bøy dei a verbo.
- Også i norsk har vi regelrette og uregelrette verb. Ta for deg verba å høyre, å lære, å synge og å skrive. Kva for verb er regelrette og uregelrette? Kan du forklare kvifor?
- Det finst berre nokre få hjelpeverb. Dei viktigaste er ha, vere, bli, verte, kunne, skulle, ville, måtte og burde.
- Hjelpeverba “hjelper” hovudverbet med å danne verbal i setninga:
Du må lære. Han vil skrive. Vi blir høyrde. - Hovudverbet ber tydinga: lære, skrive, høyre osv.
Vi bruker tidshjelpeverb for å danne dei samansette tidene av verbet, som presens futurum og presens perfektum. Dei tyske tidshjelpeverba er sein, haben og werden:
Tysk | Norsk | Verbtid |
---|---|---|
Wir werden umziehen. | Vi skal flytte. | Presens futurum |
Alle haben gegessen. | Alle har ete. | Presens perfektum |
Sie sind nach Hause gegangen. | Dei er/har gått heim. | Presens perfektum |
Modale hjelpeverb uttrykker ulike haldningar til det som skal gjerast:
Tysk | Norsk | Haldning |
---|---|---|
Ich muss diesen Text schreiben. | Eg må skrive denne teksten. | tvang, plikt |
Er will diesen Text schreiben. | Han vil skrive denne teksten. | ønske eller krav om noko |
Du kannst diesen Text schreiben. | Du kan skrive denne teksten. | tillating |
For å lage passiv bruker vi i nynorsk hjelpeverba bli eller verte, på tysk werden:
Das Brot wird gebacken. Brødet blir/vert bakt.
I setninga Ich muss heute lernen finn vi to verbformer: muss og lernen.
Verbet lernen fortel oss kva som skjer og er derfor hovudverbet i setninga.
Men lernen er også ein infinitiv, og ein infinitiv kan ikkje danne verbal aleine i ei setning fordi han er ei infinitt (ubøygd) verbform. Infinitiven må stå saman med ei bøygd verbform.
Det er hjelpeverbet muss som er den bøygde verbforma i setninga (muss er her tredje person eintal presens av verbet müssen).
Muss lernen er verbalet i setninga. Vi seier at verbalet er samansett.